Strategi
Planen tek utgangspunkt i kommuneplanen sin samfunnsdel 2015-2027, som er eit overordna styringsdokument i kommunen. Eidfjord kommune har valt ut følgande hovudmålområde for å danna gode oppvekstvilkår i perioden 2024-2028:
Omsorg for alle
- Barn og unge i Eidfjord skal verta sett, og få den hjelpa dei treng når dei treng det.
- I Eidfjord skal alle barn og unge ha ein trygg og god heim å veksa opp i.
God helse i alt me gjer
- Rett helsehjelp til rett tid
- I Eidfjord kommune skal tenestene samarbeida for å gje barn og unge eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
- I Eidfjord skal me arbeida for at barn og unge skal ha god helse, og moglegheit for ein aktiv livsstil.
- I Eidfjord kommune skal me ha eit godt tenestetilbod til barn og unge med komplisert og samansett tenestebehov.
Gode tenester for oppvekstvilkår
- Alle som arbeider med barn og unge i Eidfjord skal ha kompetanse til å oppdaga tidlege teikn på barn som ikkje har det bra.
- Alle dei tilsette skal ha kunnskap om korleis barn kan få tilbod om rett hjelp.
- Eidfjord kommune skal ha eit godt tilbod i barnehage, SFO og skule.
Kultur og fritid
- Barn og unge skal ha høve til kulturopplevingar og aktiv deltaking i kulturlivet.
- I Eidfjord skal me ha eit mangfald av aktivitetstilbod til alle aldersgrupper.
- Alle barn og unge i Eidfjord skal ha tilbod om ein fritidsaktivitet som dei opplev som meiningsfull.