Førebygging
Bakgrunn
Nasjonal rettleiar “Samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar” beskriv Samordningsplikta. Samordningsplikta lovfestar eit ansvar for kommunen til å sørga for at den enkelte tenestemottakar får eit samordna tenestetilbod. Velferdstenestene skal sørga for at barn og unge som treng det, får rett hjelp til rett tid. Dette forutset at tenestene jobbar saman for å styrka barna sitt samla oppvekst- og læringsmiljø. Formålet ved samarbeidsplikta er å leggje til rette for samarbeid på individnivå. Samarbeidsplikta på systemnivå er òg viktig for at tenestene skal lukkast med det forebyggande arbeidet, ved at dei som treng det får rett hjelp til rett tid.
Mange av velferdstenestene som er retta mot barn og unge er kommunale. Kommunen har ansvar for heilskap i planlegginga og samordninga av det generelle førebyggande arbeidet. Kommunen må til dømes vurdera korleis velferdstenestene saman skal bidra til å forebygga utfordringar, skapa gode oppvekst- og læringsmiljø og på eit tidleg tidspunkt kunne identifisere barn og unge som er i en utsett situasjon.
For å styrka oppfølginga av utsette barn, unge og familiane deira, er det med verknad frå 1. august 2022, vedtatt avgjerd om samarbeid, samordning , barnekoordinator og individuell plan. Eidfjord kommune fekk barnekoordinator 1.sepember 2022.
I 2022 starta arbeidet med betre tverrfagleg innsats (BTI). Dette er ein samhandlingsmodell der målet er å sikra ein heilskapleg og koordinert innsats overfor barn, unge og familiar det er knytt bekymring til.
Me skil mellom indikert, selektiv og universell førebygging
- Indikert førebygging er tiltak retta mot individ med høg risiko eller klare teikn på problem.
- Selektiv førebygging er tiltak retta mot grupper med kjent og/eller forhøgd risiko for å utvikla problem. Slike tiltak skal motverka negativ utvikling hjå born og unge og/eller deira føresette.
- Universell førebygging omfattar innsats retta mot alle grupper, utan at det er identifisert individ eller grupper med forhøgd risiko.