Plan for førebyggande arbeid (under arbeid på nettsida)

Føremål

Føremålet med planen er å førebygga omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar. I Eidfjord ynskjer me at innbyggjarane skal ha god livskvalitet. Eidfjord skal vera ein trygg stad å veksa opp. Alle innbyggarane skal kunna leva aktive liv. Me ynskjer eit kulturelt mangfald, der alle vert integrert i eit sosialt fellesskap. Dette er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel 2015-2027.  

Situasjonsbilete

Representantar frå tenestene i kommunen som arbeider med barn og unge har skrive planen. Me har saman teikna eit situasjonsbilete basert på ulike data som spørjeundersøking, rapportar og referansegruppa for ungdom.   

Ungdata

Ungdata er lokale barne- og ungdomsundersøkingar der skuleelevar over heile landet svarer på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Me har tatt utgangspunkt i rapportane gjennomført i 2015, 2017, 2021 og 2023. På mange områder svarer unge i Eidfjord meir positivt enn landsgjennomsnittet. Tala syner likevel at ungdomen ikkje opplever å ha det like godt som ved sist undersøking. Dette er ei utvikling me ikkje ynskjer skal halda fram.  

Ungdomen si referansegruppe

I desember 2023 vart det gjennomført ei spørjeundersøking i ungdomskulen. Her tok ein utgangspunkt i helseundersøkinga og ungdata. Fokuset var på psykososiale tema og fritidstilbod, samt helsetilbod til ungdom i kommunen.  

Fleire av ungdommane i referansegruppa seier at dei ynskjer meir informasjon om tenestene.  Dei har behov  kontakt med helsesjukepleiar på ulike arenaer, og kjem med ynskje om at helsesjukepleiar skal vera tilgjengeleg på kveldstid til dømes på fritidsklubben.  

Over halvparten kjenner på for stort press, stress, og høge forventningar på skulen. Mange har ei kjensle av at dei ikkje strekk til. Ungdommane saknar andre tilbod utover ballaktivitetar. Dei ynskjer fisking, bilbane, gaming, og gode samlingsplassar på ettermiddagstid.  

Nettverk

Kommunen arbeidar med å førebygga uheldige hendingar i sosiale media. Oppvekstgruppa har organisert besøk av Barnevakta i barnehage og skule. Politiet har hatt arrangert undervisningsopplegget “Del bart?” og “DELE= DELTA” på skulen. Nettvett er innlemma i kompetansemåla på skulen. Dersom det skjer hendingar med elevar/tilsette som omhandlar nettvett, nyttar skulen rutinane og skjema som vert brukt på brot på §9a - aktivitetsplikta. Eventuelle avvik vert meldt til kommunen si it-avdeling, og eventuelt vidare til datatilsynet.  

Folkehelsearbeid

Målet med folkehelsearbeidet er å fremma god helse i befolkninga, ved å motivera til fysisk aktivitet og sunne kosthaldsvanar. Fleire aktørar tilbyr trening og sosialt samvær for barn og unge. Barnehagen og skulen har tilbod om varm lunsj fleire dagar i veka. Eidfjord har eigen folkehelsekoordinator som arbeidar med barn og ungdom. 

Psykisk helse

I samsvar med den nasjonale rettleiar “Psykisk helsearbeid for barn og unge” skal kommunen sørga for tilgjengeleg og tverrfagleg psykisk helseteneste.  Tenesta skal gje tidleg hjelp og behandling til born og unge med psykiske plagar, byrjande rusproblem og reaksjonar på belastande livshendingar. Tenestetilbodet skal komma i tillegg til helsestasjon og fastlegeordning. I Eidfjord kommune har me lågterskeltilbod med helsesjukepleiar og fastlege. Ein ser eit behov hjå barn og ungdom for eit meir tilrettelagt tilbod enn kva me har i dag.  

Barn som pårørande

Helsepersonell yt i nokre tilfelle helsehjelp til pasientar med mindreårige barn eller søsken. Om ein vurderer det som nødvendig at barn som pårørande får videre oppfølging, skal helsepersonellet innhenta samtykke frå pasient og føresette før tiltak vert igangsett. Tiltak kan variera frå vidareformidling av informasjon om at foreldre/søsken er sjuke, til meir omfattande hjelpetiltak som krev tilvising og samarbeid med andre tenester.  

Aktuelle aktørar er:  

  • Fastlegen  
  • Helsestasjon og skulehelsetenesta  
  • Barnehage og skule  
  • Psykiatrisk sjukepleiar  
  • Familiesenter, barnevernstenesta, Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)  
  • Relevante einingar og ressurspersonar i spesialisthelsetenesta  
  • Frivillige organisasjonar  

Flyktningtenesta og inkludering

Flyktningtenesta skal legge til rette for busetjing og sikra god integrering i lokalsamfunnet. Barn på flukt er en spesielt sårbar gruppe. I Eidfjord skal barna tidleg verta integrert i barnehage, skule og fritidstilbod for å gjenetablera normalitet i livet. 

Låginntektsfamiliar

I Eidfjord kommune bur 6 prosent av barna i hushaldingar med vedvarande låginntekt etter lokale låginntekstgrenser. På landsbasis bur 14,6 prosent av barn i hushaldingar med vedvarande låginntekt. Utfordringar kan auke dess færre økonomiske- og sosiale ressursar familien har.  

Barnevern

Hardanger Interkommunale barnevernteneste er felles barnevernteneste for kommunane Ullensvang, Eidfjord og Ulvik. Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lev under forhald som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Tal meldingar til barnevernet i Eidfjord har hatt ein nedgang dei siste åra. Dei siste ti åra har det komme mellom 0-15 meldingar kvart år.  

Finansiering av førebyggande tiltak

Mange av dagens førebyggande tiltak i Eidfjord kommune er finansiert av prosjektmidlar frå staten. Dette gjeld barnekoordinator, flykingkoordinator, BTI koordinator og førebyggingskoordinator. Utan prosjektmidlar kan det verte ei utfordring for kommunen å halde oppe dei gode førebyggande tiltaka som er sett i verk.  

Oppsummering

Planen for det førebyggande arbeidet skal innehalda ei beskriving av overordna mål og strategiar for det heilskaplege tenestetilbodet i kommunen. Planen skal definera korleis ansvaret skal fordelast mellom etatane, korleis løysing av oppgåver skal organiserast, og korleis ulike etatar skal samarbeida. Me skil mellom indikert, selektiv og universell førebygging.