Bakgrunn
Barnevernreforma skal bidra til å styrka førebyggande arbeid og tidleg innsats. Kommunen skal fremja gode oppvekstvilkår, og leggja til rette for eit samordna tenestetilbod til barn og familiar. Kommunen skal byggja opp eit lokalt apparat for tiltak med kunnskapsbaserte metodar, som vert tilpassa barn og familiane deira sitt behov.
Det overordna målet med reforma er eit betre barnevern, der tenestetilbodet skal kunna tilpassast lokale behov. Intensjonen med barnevernsreforma frå staten si side er å gje kommunane insentiv og høve til meir førebygging, og meir samarbeid på tvers av tenester. Barnevernsreforma vert difor omtala som ein oppvekstreform. Intensjonen er at barn får best mogeleg tilpassa hjelp i nærmiljøet, fortrinnsvis med støtte frå familie og nettverk.
Det føl av barnevernslova §3-1 første ledd at det er kommunen sitt ansvar å førebygga omsorgsvikt og åtferdsvanskar.
Vidare står det i andre ledd at:
Kommunestyret sjølv skal vedta ein plan for kommunen sitt førebyggande arbeid etter fyrste ledd. Planen skal beskriva kva som er måla for arbeidet, korleis arbeidet skal organiserast og fordelast mellom etatane i kommunen, og korleis etatane skal samarbeida.
Planen for det førebyggande arbeidet skal innehalda ei beskriving av:
- overordna mål og strategiar for det heilskaplege tenestetilbodet
- korleis ansvaret skal fordelast mellom etatane
- korleis løysing av oppgåver skal organiserast
- korleis ulike etatar skal samarbeida