Plan for førebyggande arbeid (under arbeid på nettsida)

Avsluttande kommentar

Planen vil fungera som ein overordna forankring av det førebyggande tilbodet og fordelinga i kommunen sine ressursar til dette arbeidet. Den vil vera eit verktøy for å sikra forpliktande og systematisk innsats for å leggje til rette for heilskaplege tenester.

Planen legg føringar for korleis kommunen går fram i å løysa oppgåver gjennom organisering og samarbeid. For å kunna løysa utfordringar på best mogleg måte har Eidfjord sett i gang ulike tiltak som barnekoordionator, tverrfagleg team, oppvekstgruppa og BTI. 

Tidleg innsats og rett hjelp til rett tid skal vera mål for organisering av tenester og tilbod i kommunen. Gjennom tiltaka skal kommunen sikra innsats, kvalitet og tilgjengelegheit i arbeidet med risikoutsette gravide, barn, unge og føresette som har behov for heilskaplege og koordinerte tenester. Målretta prioritering og felles innsats skal over tid kunna redusera barn og unge som utviklar åtferdsvanskar og som vert utsett for omsorgssvikt.  Me ynskjer at fleire skal få hjelp tidleg for å redusera behova for samansette tenester og langvarige tiltak. 

Planprosessen har gjeve oss erfaringar som har resultert nye føreslegne tiltak. Me ynskjer å auka stillingsprosenten til psykiatrisk sjukepleiar for å stryke arbeidet rundt born og unge i kommunen. For å kunna væra meir synleg for born og unge i skulen/ skulehelsetenesta og i andre møteplassar for born og unge, ser me behovet for auka stillingsprosenten til helsesjukepleiar. Me ynskjer å kunna tilby foreldrerettleiing for føresette i kommunen, dette kan vera nyttig for føresette til born i alle aldersgrupper. Foreldrerettleiing er i dag ein viktig del av introduksjonsprogrammet for flyktningar.

Oppvekstgruppa, ungdomsrådet og elevrådet skal revidera planen årleg. Ungdommane har då eit delansvar for at stemma til ungdommen i Eidfjord kommune vert høyrd.