Kommuneplan sin samfunnsdel 2015-2027

2 Om planen

2.1 Kommuneplanen sin samfunnsdel

  • Kommuneplanen er utarbeidd etter krava  i plan - og bygningslova. Berekraftig utvikling er sentralt i lova sin føremålsparagraf. Ei berekraftig utvikling inneber å tilfredsstilla dagens behov utan at det set behova til framtidige generasjonar på spel. «Brundtlandkommisjonen» frå 1987 definerte bærekraftig utvikling som «… en utvikling som imøtekommer behovene til dagens generasjon uten å redusere mulighetene for kommende generasjoner til å dekke sine behov.»
  • Kommuneplanen er kommunen sitt overordna politiske styringsdokument. Planen har eit 12-års perspektiv.
  • Planlegginga skal byggja på økonomiske og andre ressursmessige føresetnadar for gjennomføring, og ikkje vera meir omfattande enn naudsynt.
  • Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordingar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap, samt  kommunen som organisasjon.
  • Gjennom Plan- og bygningslova og Folkehelselova skal kommunen bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, og som jamnar ut sosiale helseskilnader. Folkehelsearbeidet er sektorovergripande, og har som mål at folkehelseperspektivet skal inn i alle delar av kommunen sitt virke.
  • Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta ansvar for samfunnstryggleik og beredskap og skal innehalda følgjande:
    • ein oppdatert overordna  ROS- analyse som til ei kvar tid gjev oss oversyn over risikofaktorane i eidfjordsamfunnet
    • oppdatert plan for samfunnstryggleik og beredskap, som byggjer på dei risikofaktorane som den overordna ROS- analysen peikar på.
  • plan for samfunnstryggleik og beredskap er forankra i alle delar av organisasjonen.
  • til ei kvar tid ha fokus på å forhindra at ulukker skjer ved at det vert sett i verk risikoreduserande tiltak, og samstundes vera budd på krisesituasjonar.
  • Plan- og bygningslova kap. 11 § 11-1: Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ha ein handlingsdel som kan inngå i kommunen sin økomomiplan . Handlingsdelen til kommuneplanen sin samfunnsdel vil derfor verta innarbeidd i økomomiplanen i samsvar med Kommunelova § 44. 

2.2 Planprosess

  • Utfordringar  og arbeidsmetode vart fastsett gjennom planstrategi og planprogram. 
  • Det har vore gjennomført breie medverknadsprosessar i fleire omgangar.  Fyrst med sosiokulturell stadanalyse der temagrupper, fokusgrupper, bygdemøte og skule har vore involverte. Seinare gjennom prosess med politikarar, administrasjon og nye bygdemøte, samt samarbeid med fagpersonar i einskildtema.