1.1 Arealoversikt
Samla areal i Eidfjord kommune utgjer 1502 km². Landareal og ferskvatn tilsvarar 1465 km². Eidfjord kommune sitt areal omfattar 575 km² innanfor Hardangervidda nasjonalpark og 312 km² innanfor Skaupsjøen-Hardangerjøkulen landskapsvernområde.Til saman er 59,4% av landarealet i kommunen verna i medhald av naturmangfaldlova (naturvernlova)
1.2 Høgaste fjell
Onen, 1621 m.o.h,er den høgaste fjelltoppen i kommunen.Den høgaste toppen på Hardangerjøkulen er 1863 m.o.h.
1.3 Landbruksareal
33575 dekar (daa) produktiv skog (AR5, 2014). Drivbar skog er avhengig av økonomi
Jordbruksareal (fulldyrka - og overflatedyrka jord pluss innmarksbeite) 3977daa (AR5, 2014)
1.4 Bygdelag
Bu, Erdal, Eidfjord, Simadal, Øvre Eidfjord, Sysendalen. Arealstorleiken i tettstaden Eidfjord utgjer 700daa.Her er busett 549 innbyggjarar.
1.6 Kommunale institusjonar
Modnen barnehage, Lægreid barne- og ungdomsskule, 27 kommunale bustadeiningar ink. omsorgsbustader
1.7 Infrastruktur, kultur/idrett og kommunale vegar
Eidfjord har 57 km kommunale vegar og 2 kyrkjer; Eidfjord kyrkje og Eidfjord gamle kyrkje i stein frå 1300- talet. Her er idrettslag med idrettshall, løpebane, gras- og grus- fotballbane, ballbinge og symjebasseng. Eitt breitt tilbod av turstiar frå fjør til vidda. Lokalt er her bibliotek, 35 lag og organisasjonar
1.8 Næringsliv
Variert næringsliv knytt til service og reiseliv, energiproduksjon, offentleg verksemd, landbruk, byggjevare, handverkarar og detaljhandel.
1.9 Attraksjonar
Kulturbasert; Kjeåsen, Hjølmotunet, Gamlekyrkja, Fossli hotell, Galleri N. Bergslien, Hardangervidda Natursenter Eidfjord , Måbø museum, gamlevegen i Måbødalen, Sima kraftverk, gravfeltet på Hæreid, Sysendammen, Nasjonal turistveg Hardangervidda
Naturbasert; Vøringsfossen med stien inn, Valurfossen, Skytjefossen, Vedalsfossen, Hardangerjøkulen, Hjølmadalen, Måbødalen, Hardangerfjorden, Hardangervidda, Veigdalen, Måbøgaldane.