Kommuneplan sin samfunnsdel 2015-2027

5 Bukommunen Eidfjord

5.1 Tettstaden Eidfjord

Eidfjord har hatt fokus på stadutvikling sidan slutten av 1990 – talet, og mykje godt arbeid har vore gjort. Me fekk miljøgate, cruisekai,  Quality Hotel & Resort Vøringsfoss, idrettshall og opprusting av Samfunnshuset. Det er viktig å halda fram med å ha fokus på utvikling av sentrum som arena for innbyggjarane, vitjande, gjennomreisande og turistar.

Med Hardangerbru og utbygging av ikonpunktet ved Vøringsfoss, er det forventa auka trafikk gjennom Eidfjord sentrum. Statens vegvesen har teljingar på årsdøgntrafikken (ÅDT) og for 2014 var ÅDT 1450. For å få fleire til å stoppa og opphalda seg, og for at innbyggjarane skal ha ein grunn til å bruka sentrum meir, er det viktig å setja søkelyset på å auka antal bustader og  forretningar i sentrum.

Det vil vidare vera viktig med estetisk utforming av offentleg rom, som òg gjev gode opphaldsrom samt god balanse mellom parkeringsplassar og  mjuke trafikkantar.  Eit levande sentrum tiltrekkjer folk. Folk skaper liv, og liv skaper trivnad. Det som er bra for dei tilreisande er òg bra for dei fastbuande. 

Omdømmebygging  kan ikkje berre byggjast med store reklameplakatar og flotte bilete. Det er me som innbyggjarar, og korleis me snakkar om kvarandre, om bygda vår og kva me fortel utanbygdsfolk, at me legg grunnlaget for det gode omdømet. Eit triveleg, positivt og humørfylt samfunn gjer oss attraktive for tilflyttarar, næringsliv og turistar. Det vil òg skapa bulyst og stoltheit for bygda vår.

Mål:
Me skal 

  • ha eit attraktivt og fortetta sentrum med leilegheiter og forretningar
  • skapa eit  triveleg, levande og  pulserande sentrum  med møte- og fleirbruksplass med rom for aktivitetar knytt mot barn og unge 
  • ha fokus på eit godt omdøme 
  • gode løysingar for parkering i sentrum og syta for gangavstand til «det meste»

Strategi:
Me får eit attraktivt  og fortetta  sentrum med leilegheiter og forretningar ved å

  • setja av areal i sentrum for å kombinera leilegheiter og forretningar
  • bruk av Bustadpolitisk handlingsplan som informasjonskjelde for regulering av leilegheiter og  forretningar i sentrum
     
  • leggja til rette for kommersielle møteplassar som er lønsame og opne heile året
  • la kunst vera eit verkemiddel for utvikling av sentrum og for auka stoppeffekt
  • unngå at eksisterande bygg i sentrum står tomme og ubrukte 
  • ta vare på eldre bygningar for å visa fram det historiske Eidfjord
  • laga ein  heilskapleg, estetisk plan for møblering av offentleg rom 

Me skapar eit  god omdømme, levande og pulserande sentrum  med gode møte- og fleirbruksplassar ved å  

  • setja av areal for møte- og fleirbruksplassar som er godt synlege frå vegen
  • gjera strandsona tilgjengeleg og attraktiv for ålmenta 
  • leggja til rette for marina med servicesenter 
  • arbeida kontinuerleg med å byggja eit godt omdøme for bygda 

 Me finn gode løysingar på parkeringsplassar og gangavstand  til det «meste» ved å

  • samordna parkeringsplassar i sentrum
  • gje gode høve for mjuke trafikkantar 
  • syta for fortau til og i sentrum 
  • syta for gang og sykkelsti frå bustadområde til sentrum og til offentlege institusjonar

5.2 Bustad og bustadtomter

Eidfjord kommune har gjennom fleire år hatt fokus på å auka bustadmassen i Eidfjord. Gjennom ulike stimuleringsmiddel har ein søkt å få private til å byggja nye bustader, både på kommunal og privat grunn.  Sidan 2008 har kommunen hatt gode tilskotsordningar og rentefritt lån til oppgradering av bustader til private. 
I tillegg kjem kommunale bustadlån, tilskot til bygging av heilårsbustader og Husbanken sine ordningar. Det er òg trong for «prøvebustader» som midlertidig bustad før ein bestemmer seg for å byggja hus. 

Mål: 
Me skal arbeida for    

  • å auka bustadmassen i Eidfjord
  • å få folk i tomme hus
  • variert bustadmasse 

     
Strategi:
Me får auka bustadmassen i Eidfjord ved å

  • nytta Bustadpolitisk handlingsplan som informasjonskjelde  i regulering av bustadmasse
  • setja av areal til attraktive tomter (sol/utsikt)
  • stimulera til bustadbygging gjennom gode, kommunale tilskotsordningar
  • setja av areal i sentrum for leilegheiter/forretning for sal og utleige
  • vera ein aktiv kommune / aktør i kommunal  bustadbygging                                      

Me får folk i tomme hus ved å

  • halda fram med å kartleggja  eigarar av ”tomme” hus og oppmuntra til sal/utleige
  • stimulera utleige gjennom gode kommunale  tilskotsordningar
  • informera om ulike støtteordningar for omgjering av gardshus til bustad 

Me får variert bustadmasse ved å

  • setja av areal i sentrum for leilegheitsbygg 
  • regulera attraktive tomteareal  som har mykje sollys og utsikt
  • ha ulik storleik og universal utforming 
  • leggja til rette for variert bustadmasse i arealplanar

5.3 Fritid

Eidfjord har eit rikt kulturliv med stort frivillig engasjement og  eit mangfald av lag og organisasjonar. Dei spelar ei stor rolle i både kvardagsaktivitetar og i samband med store arrangement.  Utan den frivillige innsatsen, ville Eidfjord vore ei fattigare bygd på opplevingar, attraktivitet og trivnad. Å ta vare på eldsjeler og dugnadskrefter betyr mykje for at kommunen skal vera ei levande bygd som viser at her får me noko til,  her vil me bu og leva det gode liv.

 Mål:
Me skal 

  • leggja til rette for friluftsliv 
  • ha fleire tiltak som fremjar fysisk aktivitet
  • ha eit mangfald av aktivitetstilbod til alle aldersgrupper

Strategi:
Me legg til rette for at Hardangervidda skal vera ein arena for friluftsliv ved å 

  • ha ei berekraftig fiskeforvaltning
  • marknadsføra Hardangervidda som arena for ulike aktivitetar knytt til fiske, jakt og ski- opplevingar, både for kvardagen og feriar 
  • satsa på jakt – og «fiskefadder» til ungdom og tilflyttarar
  • auka reinsdyrstamma innanfor berekraftige råmer

Me får fleire og auka mangfald  av aktivitetar som fremjar  fysisk aktivitet ved å 

  • samarbeida med andre kommunar om å realisera ein motorcrossbane
  • samarbeida med andre kommunar om løyper og areal til snøscooterkøyring 
  • vera medspelarar for lag, organisasjonar og eldsjeler som tar initiativ til aktivitetar retta mot ålmenta 
  • tilretteleggja for gang- og sykkelveg frå Stavanes – Eidfjord sentrum – Øvre  Eidfjord
  • samarbeida med lag og organisasjonar om eit mangfald av kultur- og aktivitetstilbod
  • leggja til rette for ski -og lysløype

5.4 Omsorg for alle

Pleie- og omsorgstenesta omhandlar helseteneste for alle aldersgrupper. I åra som kjem er det viktig å vidareføra prinsippet om at alle skal ha høve til å bu i eigen heim så lenge som mogeleg.
Det vil vidare vera viktig å driva godt førebyggjande folkehelsearbeid  for at  fleire eldre i høg alder vi kunna bu heime og klara seg sjølv. 

Det vil vidare vera viktig i framhaldet  med tilrettelegging  av bustader og tenester som kan gje eit betre bu- og servicetilbod og som gjer at ein kan bu «heime»  lengre.  Det er  forventa auke i levealder, tal demente, diabetes, kols, tal kreftsjuke og tal menneske med psykiske lidingar. Det vil såleis vera ei sentral oppgåve å arbeida for å gje eit verdig tilbod til menneske med rus og psykiske lidingar. Det vert fleire tenestemottakarar med ein  komplisert og samansett tenestetrong. Tenestespekteret vert derfor vidt. 

Folkehelse er folket  sin helsetilstand og korleis helsa fordeler seg i befolkninga. God helse hos innbyggjarane medfører  mindre trykk på kommunen si tenesteyting innanfor området.  Forskning viser at aktivitet gjennom ulike former for rørsle og mosjon reduserer og utset sjukdommar.


Mål:
Me skal:

  • vidareføra prinsippet med  best effektive omsorgsnivå- BEON - prinsippet
  • ha naudsynt kompetanse innanfor helse og omsorg
  • ha eit godt tenestetilbod til mottakarar med komplisert og samansett tenestetrong
  • ha aktive innbyggjarar som har fokus på eiga helse

Strategi:
Me vidarefører  prinsippet med best effektive omsorgsnivå ved å 

  • ha kvalifisert personale
  • ha gode lokalitetar for å driva teneste
  • leggja til rette i heimen 
  • ta vare på si eiga helse slik at me ikkje vert råka av livstilssjukdommar
  • ta i bruk velferdsteknologi
  • ha kulturtilbod som gjev  auka livskvalitet og stimulerer alle sansar

Me får naudsynt kompetanse innanfor helse og omsorg ved å

  • vidareføra gode ordningar for utdanning og vidareutdanning
  • ha fokus på godt arbeidsmiljø 
  • satsa på kompetanseheving hos personell som arbeider i Eidfjord kommune

Me får godt tenestetilbod til mottakarar med komplisert og samansett tenestrong ved å

  • ha personale med naudsynt kompetanse
  • ha personale med relevant vidareutdanning

Me får aktive innbyggjarar som har fokus på eiga  helse ved å      

  • arrangera kurs i ernæring for barn, unge og eldre
  • inngå partnarskap med lag og organisasjonar som set søkjeljoset på fysiske og psykososiale utfordringar
  • gje kompetanseheving hos tilsette i kommunen innanfor ernæring og fysisk aktivitet
  • samhandla tverrsektorielt ved planlegging og gjennomføring av handlingsplanen for folkehelse

5.5 Oppvekst, livskvalitet og kultur

Innbyggjarar som trivst og realiserer det gode liv i Eidfjord vert  stolte over staden og kommunen dei kjem frå. Dei bidreg  til å skapa livskraftige samfunn og er dei beste ambassadørar for bygda vår. Opplevinga av livskvalitet vert styrkja gjennom å gjera livet forståeleg,  meiningsfylt og lett å handtera. Særleg for barn og unge er dette viktige momentet for å kunna trivast  og blomstra i Eidfjord.  

«Det skal ei heil bygd til for å kunne oppdra eit barn». Dette sitatet er henta frå Nordlandsforskning (rap.nr 3/2003)

Det fortel at me alle er medansvarlege for at born og unge får ein god oppvekst. Eidfjord har mange gode føresetnadar for å leggja til rette for dette. Ein god utbygd barnehage og skule med SFO, gratis kulturskule  og varm mat på skulen, er viktige bidrag for å gje ein god oppvekst til den oppveksande generasjonen. Eidfjord ser verdien av å oppretthalda og styrkja dei gode  tenestetilboda som i dag gjev  gode oppvekstvilkår.

Kulturlova gjev  kommunane ansvar for å tilretteleggja kulturtilbod for alle. Forskning viser ein klår samanheng mellom kulturdeltaking og helse. Det er viktig å ha profesjonelle kunstnarar og kulturutøvarar i nærmiljøet for kompetanseheving og motivasjon for amatørar, born og unge. Kultur er nøkkelen til det gode møtet mellom generasjonar og menneske med ulik kulturell bakgrunn, og som grunnlag for forståing og nyskaping. Kunst- og kulturarenaer er naudsynt for å gje innbyggjarane høve til deltaking i lokalsamfunnet. 

Eidfjord har kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap av nasjonal verdi. Derfor har me eit særs viktig oppdrag å forvalta desse verdiane og skattane til framtidige generasjonar. 

Mål:
Me skal 

  • ha gode oppvekstvilkår for born og unge i Eidfjord
  • ha trygge oppvekst og bumiljø
  • ha eit godt skule- og barnehagetilbod
  • syta for at  kunst, idrett og kultur har ein viktig rolle i det offentlege. Alle skal ha høve til kulturopplevingar og aktiv deltaking i kulturlivet
  • ta vare på natur,- kulturlandskap  og kulturminne gjennom  plan og formidling

Strategi:
Me får gode oppvekstvilkår for barn og unge ved å

  • sørgja for at dei eksisterande offentlege tilboda som fremjar trivsel, fellesskapskjensle og framtidig bulyst, vert oppretthaldne og forsterka 
  • ha tett samarbeid med lag og organisasjonar som tek initiativ til aktivitetar knytt til born og unge
  • leggja til rette for  aktiv fritid
  • gjennomføra Ruspolitisk handlingsplan og rullera den fortløpande


Me får trygt oppvekst- og bumiljø  ved å 

  • ha gang og sykkelsti i alle buområde  som gjer til at barn og unge kan ha trygg tilkomst til heim, skule, barnehage , Samfunnshuset, idrettshallen og leikeplassar
  • gjennomføra ROS-analyse for buområde i heile kommunen
  • nytta ROS-analysar som styringsverktøy ved etablering av nye byggjeområde.a 

Me får ein god skule og barnehage  ved å

  • fremja eit godt miljø, innhald og kvalitet, òg på bygg
  • vektleggja eit godt samarbeid mellom heim og skule/barnehage
  • utvikla og vidareføra eit godt kulturskuletilbod for alle som ønskjer det
  • satsa aktivt  på at barnehage, skule og  SFO har fokus på aktivitetar, både fysisk - og ernæringsmessig, som fremjar barn og unge si helse i kvardagen
  • driva haldningskapande arbeid om ernæring og fysisk aktivitet knytt til barn og unge 
     

Me får kulturopplevingar og aktiv deltaking i kulturlivet ved å 

  • arbeida for eit mangfald av idretts- og kulturtilbod- topp og breidde
  • vidareutvikla formidlinga av profesjonell kultur og kunst i skule og barnehage og til eldre (Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken)
  • utvikla inkluderande møteplassar for alle aldersgrupper og nivå
  • driva førebyggjande og helsefremjande idretts- og kulturarbeid
  • leggja til rette for profesjonelle utøvarar innanfor alle kulturområde
  • vidareutvikla bibliotektilbodet i trå med lov om folkebibliotek
  • ha tilskotsordningar som er robuste nok til at Eidfjord kommune kan hjelpa fram lokale initiativ og hjelpa lokale arrangørar  med tilskot og underskotsgarantiar
  • ha ei aktiv rolle med å formidla eksterne tilskotsordningar
  • medverka til at lokale arrangørar kan utvikla store idretts-, kulturarrangement og festivalar
  • samarbeida med frivillige lag og organisasjonar på kulturområdet
     

Me tar vare på natur, kulturlandskap og kulturminne ved å 

  • skapa lokalt engasjement og kunnskap om trongen for overordna planar for korleis me skal på best mogleg måte ivareta natur-kulturlandskap og kulturminne
  • laga detaljerte handlingsplanar som er knytte til økonomiplan