7.1 Sysselsetjing, kompetanse og næringsliv
Dei fleste i Eidfjord har sitt yrke knytt til offentleg sektor, samt i reiselivsnæringa, småverksindustri, jordbruk og vasskraftproduksjon. Det er viktig å skapa nye arbeidsplassar. I tillegg lyt me styrka og vidareutvikla etablert næringsliv knytt til marknadsutvikling, samt gje grobotn for utvikling og stimulera gründermiljøet. Kommunen si rolle i næringsutvikling er å vera etablerarvegleiar, tilretteleggja for forretningareal og næringsareal.
Mål
Me skal
- vera ein aktiv vertskommune for næringslivet
- syta for at det vert enklare å etablera nye arbeidsplassar
- arbeida for at det vert etablert nye arbeidsplassar innan reiselivsnæringa, direkte og indirekte
- støtta næringslivet i deira arbeid med kvalitets- og kompetanseutvikling
- arbeida for at det vert offentlege arbeidsplassar i kommunen
- ha eit livskraftig landbruk som produserer mat og held kulturlandskapet i hevd
- styrka samarbeid og samhandling mellom kommunen og næringslivet og mellom dei ulike næringslivsaktørane
Strategi:
Me skal verta ein aktiv vertskommune for næringslivet ved å
- ha rask og effektiv sakshandsaming
- ha oppdaterte retningsliner for næringsstøtte
- satsa på god infrastruktur til/frå kommunen ved t.d. å arbeida med realisering av Hardangerviddatunnelen
- marknadsføra Eidfjord som arbeidskommune gjennom tilgjengelege kanalar
Me gjer det lettare å etablera nye arbeidsplassar ved å
- støtta opp om etablerarar ved t.d. rettleiing og søknadshjelp
- arbeida for ein “node” i Eidfjord av ein større næringshage
- ha ein arealplan med næringsareal
- arbeida for at det finst ledige næringslokale i offentleg eller privat eige.
- medverka til regionale næringssatsingar som gjev arbeidsplassar for innbyggjarar i fleire kommunar
- styrkja samarbeid og samhandling mellom kommunen og næringslivet, og mellom dei ulike næringsaktørane
Me får etablert nye arbeidsplassar innanfor reiselivsnæringa, direkte og indirekte ved å
- stimulera til satsing for nye målgrupper i reiselivet knytt til skuldersesongen
- stimulera til å betre utnytta synergieffekten av eksisterande store arrangement
Me støttar næringslivet i deira arbeid med kvalitets- og kompetanseutvikling ved å
- informera om moglegheitene som finst ved bruk av studiesenteret
- informera om nettverk der ein kan utveksla kunnskap og erfaringar
- gje økonomisk støtte til Næringslaget slik at dei kan arrangera kurs og konferansar for bedrifter i Eidfjord
Me arbeider med å oppretthalda offentlege arbeidsplassar i kommunen ved å
- ha solide offentlege tenester
- arbeida i ulike fora for å få etablert offentlege arbeidsplassar i Eidfjord
- ha høg kompetanse innanfor dei ulike fagområda
- arbeida aktivt i interkommunale fora slik at fagavdelingar vert lagt til Eidfjord
Me får eit livskraftig landbruk som produserer mat og held kulturlandskapet i hevd ved å
- arbeida for å auka kunnskapen om og forståing for kor viktig landbruket er for å oppretthalda kulturlandskap, kulturmiljø, steingardar, gamle frukthagar, bygningar, vatningsveiter m.m
- informera landbruksentreprenørar om ulike tiltaksordningar knytt til alternativt landbruk og attåtnæringar
- stimulera til produksjon og sal av lokal mat
- stimulera til nye tiltak innafor landbruket
Me får styrka samarbeid og samhandling mellom kommunen og næringslivet, og mellom dei ulike næringslivsaktørane ved å
- ha jamlege møte med næringslaget
- vidareføra og styrkja samarbeidsforum i Eidfjord
- ha heilskapleg marknadsføring av Eidfjord- med felles layout for reiselivet og andre næringsaktørar/ forretningsaktørar
- arbeida for at me har felles overordna mål og kva retning utviklinga skal gå
- auka kunnskapen og forståinga av at me vert sterkare gjennom samarbeid