Høyringsbrev for Forskrift for skulerute

Høyringsbrev for Forskrift for skulerute 2025-2026 Eidfjord kommune

Kommunar og fylkeskommunar pliktar å sørgja for høyring, vedtak og offentleggjering av eigne lokale forskrifter i samsvar med ny opplæringslov av 01.august 2024.

Den nye opplæringslova inneheld fleire avgjerder der kommunar og fylkeskommunar skal gje forskrifter.

Vedlagt følgjer høyringsutkast til Forskrift for skulerute 2025-2026 Eidfjord kommune.

Forskrifta skal kunngjerast på Lovdata. Skuleruta for 2025-2026 er allereie samstemt med nabokommunar i Hardanger og Voss kompetanseregion, etter gjeldande samarbeidsavtale.

Før kunngjering må dei vera høyrde og vedtekne i Eidfjord kommunestyre i februar 2025 . Eidfjord kommune skal opplysa saken så godt som mogeleg før det vert fatta vedtak i Kommunestyre i februar 2025. Høyring gjer at innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv skal få sei si meining, og kunna ha kontroll med kva kommunen gjer, og korleis den utfører oppgåvene sine.

Når høyringsfristen er avslutta og ein har teke stilling til innspela, skal forskrifta vedtakast av Eidfjord kommune.

Høyringsnotat - Forskrift for skulerute 2025-2026 Eidfjord kommune

Kommunen og fylkeskommunen gir forskrift om skole- og feriedagar for elevane (skolerute). Skole- og feriedagane skal planleggjast slik at eksamen og nasjonale prøver kan gjennomførast jmf. § 14-1

Hardanger og Voss kompetanseregion kjem med eit framlegg til skulerute. Kommunane i regionen blir einig om dei regionale planleggingsdagane og oppstart og avslutting av skuleåret. Fortrinnsvis bør kommunane i regionen bli einig om haustferie- og vinterferieveka også.

Ungdom i Eidfjord kommune velgjer oftast Vidaregåande skule på Voss. Haust- og vinterferie har vorte samkøyrd med Voss herad, slik at familiar som har born på ulike grunnskulenivå, kan feriere saman.

Høyringsfrist

Forslaget skal liggja på høyring i 6 veker. I høyringsperioden er det ope for at alle som ynskjer det kan koma med innspel på høyringa.

Høyringsfrist er sett til 10. januar 2025 Høyringsinnspel som kjem etter det vil ikkje verta vurdert. Saka skal til politisk handsaming og fristane er korte.

Innspel skal sendast skriftleg til postmottak@eidfjord.kommune.no eller i brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord innan høyringfristen.

Forskrift om skule- og feriedagar 2025- 2026, Eidfjord kommune (PDF, 137 kB)