Høyring - endring av reguleringsplan Maurset NordVarsel om høyring og offtentleg ettersyn endring av reguleringsplan Maurset Nord (planid: 2006002) Publisert 04.09.2024 10.51 Sist endra 04.09.2024 10.51 Endring av reguleringsplanEidfjord kommune har motteke søknad frå Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS om endring av reguleringsplan Maurset Nord (planid: 2006002). Det er søkt om reguleringsendringa etter forenkla planprosess jf. plan- og bygningslova §12-14.Føremål og planprosessFøremålet med planendringa er å tilretteleggja for tilkomstveg til fjorten fritidsbustadeiningar innanføre planområdet Maurset Nord, vest for Sysendalen skisenter. Endringa legg føringar for omregulering av grøntareal til vegføremål. Endringa gjer endringar i føresegner og plankart. Eidfjord kommune er ikkje einig i vurdringa til konsulentselskapet knytt til vilkåra i §12-14. Det faktum om vilkåra i §12-14 er innfridd, er ei fagleg vurdering. Kommunen si vurdering av saka framgår av eige notat.Høyring og offentleg ettersyn av planforslagSjølv om kommunen er ueinig i argumentasjonen, vel me å legga saka på høyring og til offentleg ettersyn i tråd med pbl. §12-14 for å innhenta andre synsvinkler på saka. Frist for innspel til høyringa er 20.09.2024, tre (3) veker frå utsendt brev.Planforslaget ligg tilgjengeleg via kommunen si digitale kart- og planløysing.InnspelInnspel skal merkast med sak 24/1457 «Endring av reguleringsplan Maurset Nord». Innspelet kan sendast per e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.