Endring av områdeplan Menes-Vik-LægreidMelding om vedtak – Endring av områdeplan Menes-Vik-Lægreid etter forenkla prosess Publisert 09.11.2023 08.48 Sist endra 09.11.2023 08.53 Med heimel i plan- og bygningslova er endring av områdeplan Menes-Vik-Lægreid etter forenkla prosess vedteken av Eidfjord formannskap i møte 30.10.23. Endringa inneber rydding i plankart og føresegner som har vore i strid med kvarandre og faktisk situasjon. Det er også fjerna krav om utgraving for dei områda der slik utgraving er gjennomført.Saksframlegg, skildring av endringa og kart finn du i kommunen sitt planregister.