Eidfjord kommune har status som nasjonalparkkommune. Dette vedtaket vart gjort i kommunestyret:
Føremål
”Formålet med Hardangervidda nasjonalpark er å verne en del av et særlig verdifullt høyfjellsområde på en slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og naturmiljø ellers blir bevart, samtidig som området skal kunne nyttes til landbruk, friluftsliv og naturopplevelse, jakt og fiske og undervisning og forskning” (Kgl.res. 10.04.1981).
- Nasjonalparken er fordelt på seks kommunar i tre fylker; Eidfjord, Ullensvang (Vestland), Hol og Nore og Uvdal (Viken) og Vinje og Tinn (Vestfold og Telemark). Området som er verna som nasjonalpark er 3422 km2.
- I tillegg er det to landskapsvernområde; Skaupsjøen/Hardangerjøkulen (561 km2) og Møsvatn/Austfjell (301 km2) som ligg inntil nasjonalparkgrensa.
- Over halve (54%) nasjonalparken er på privat grunn. Berre 2,8 km² av statsallmenningen ligg utanfor verneområda.
Hardangervidda frå Eidfjord - Destinasjon Eidfjord
Fylkesvise tilsynsutval
I kvart fylke blir det for kvar valperiode valt eit tilsynsutval med representantar frå dei kommunane som har areal i verneområda. Tilsynsutvalet er eit statleg utval og blir oppnemnt av Miljødirektoratet. Utvalet skal følgje med i utviklinga i sin del av verneområda og gi råd og uttale i saker som har med forvaltninga av denne å gjere. Sekretær for tilsynsutvalet for Vestland sit i Ullensvang. Tilsynsutvalet for Vestland er sett saman av medlemmer frå kommunane Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Odda.
Tilsynsutvalet er forvaltningsstyresmakt for følgjande punkt i dei tre verneføresegnene, jfr. brev frå DN av 07.06.2002:
- Pkt. 4.1.3. a – c som gjeld ombygging av bygningar innafor eksisterande grunnflate, mindre tilbygg til bygningar og riving av gamle bygningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk.
- Pkt 4.3.2 og 4.4 som gjeld å ta torv og stein for bygge- og vedlikehaldarbeid.
- Pkt 4.6 som er all motorferdsle. Den særlege dispensasjonsheimelen § 5 avgrensa til motorisert ferdsle, no avløyst av § 48 i Naturmangfoldlova, avgrensa til motorisert ferdsle .
Motorferdsel i landskapsvernområda vert handsama av dei einskilde kommunane, og er ikkje omfatta av verneforskrifta sine reglar. Fylkesmannen har møte- og talerett på utvalsmøter.
Byggesaker
Tilsynsutvalet har mynde til å gi løyve til ombygging etter eksisterande grunnflate (pkt. 4.1.3a), mindre tilbygg til bygningar (pkt. 4.1.3b), samt til riving av gamle bygningar og oppføringar av nye med same storleik og for same bruk (pkt. 4.1.3c).
For andre byggesaker og anlegg er Fylkesmannen forvaltningsstyresmakt.
Motorferdsel
Lokale og regionale myndigheiter har gjeve løyve til vedlikehald av traktorsleper inn i nasjonalparken. Dette er gjort for å samla ferdsla og terrengslitasjen til eit køyrespor. Søknadar om motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark vert handsama av Tilsynsutvalet som har kontor i Ullensvang.
Tilsynsutvalet sine sider om motorferdsel i nasjonalparken
Forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark
Verneforskrift for Hardangervidda nasjonalpark
Miljødirektoratet sine nettsider
Kart over Hardangervidda nasjonalpark (Fonnakart)