Kommunal rettleiar motorferdsel

1 Verkeområde og definisjonar

Dei kommunale retningslinjene handlar om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag som er søknadspliktig til kommunen, jf. motorferdsellova med tilhøyrande forskrifter.

Med motorferdsel meinast her bruk av motorkøyretøy (bil, traktor, motorsykkel, beltebil, snøskuter o.l.) og båt eller anna flytande (vasskuter o.l.) eller svevande fartøy drevet med motor, samt landing og start med motordrevet luftfartøy.

Med utmark meinast udyrka mark som etter lov om friluftslivet ikkje reknast som innmark eller rett med innmark. Setervoll, hustomt, engslått, kulturbeite og skogplantefelt som ligg i utmark, reknast som utmark. Veg i utmark som ikkje er opparbeida for køyring med bil, ansa som utmark. Det same gjeld opparbeida veg som ikkje er brøyta for køyring med bil.

For motorisert ferdsel på snødekt mark er sesongen fastsett til tidsrommet f.o.m. 01.12. t.o.m. første sundag etter 01.05.

1.1 Generelt om motorferdsel på barmark

Motorferdsel på barmark kan sette varige spor i naturen. Difor er reglane for køyring på barmark strengare enn på snødekt mark. Av den grunn er det ynskjeleg at naudsynt transport i størst mogleg grad gjerast på snø. Ein del køyring på barmark er heimla direkte i lova utan søknad, jf. Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag av 10. juni 1977 § 4, samt Forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag §2.

1.2 Generelt om motorferdsel på snødekt mark

Reglane for motorferdsel på snøføre er mindre strenge enn for barmarkskøyring. Grunnen er at køyring på snødekt mark gjer mindre varige skadar på terreng og vegetasjon enn barmarkskøyring.

1.3 Generelt om bruk av motorbåt

Ferdsle med motorfartøy er regulert i lokal forskrift (FOR-2011-09-26-1028) og er berre tillate (uten løyve) i samband med: jakt og fiske, tilsyn av beitedyr, for turisthytter/serveringsstadar som ledd i næring, kultivering av fiskevatn, transport av arbeidsfolk, materialar og utstyr i samband med tillate oppføring, tilbygg eller reparasjon av bygningar og anlegg, til og frå hytter utan vegtilkomst. Gjeld fylgjande vatn: Sysenvatnet, Skaupsjøen, Drageidfjorden, Langavatnet, Eidfjordvatnet, Svartavatnet, Olavsbu vatna, Skiftesjøen og Vetle Skiftesjøen.

Ved andre formål eller andre vatn enn nemnt over må det søkast om løyve.

1.4 Generelt om bruk av luftfartøy

Landing og start med luftfartøy er som hovudregel forbodet i utmark og vassdrag. Landing og start med luftfartøy i samband med nærare angjevne nyttetransporter er i nokon tilfelle tillate. Dette gjeld for eksempel i samband med politi-, rednings- og oppsynsteneste, offentleg post- og teleteneste, anlegg og drift av offentlege vegar og anlegg. Når det ligg føre «særlege grunner», kan kommunen etter søknad gje løyve til bruk av luftfartøy.

Lova gjeld ikkje landingsplass for luftfartøy når det er gjeve konsesjon etter luftfartslova (jf Motorferdselslova §2, femte ledd).

Det er ikkje ein landing ved utflyging av felt storvilt når ein berre brukar long-line. Ein treng difor ikkje
søkje om løyve til motorferdsel i utmark ved dette tilfelle. Om helikopteret landar er det derimot
behov for eit godkjent søknad etter motorferdsellova §6.

1.5 Grunneigar sin rett til å nekte ferdsel

Motorferdselslova innskrenkar ikkje grunneigars moglegheit til å forby eller innskrenka motorferdsle på sin eigendom. (Jf Motorferdsellova §10).

Ferdsel på vassdrag i samsvar med motorferdsellova er i hovudsak tillate, med unntak frå der grunneigar har nedlagt forbod etter vannressurslova §16, andre ledd. Kommunen kan som vassdragsmynde setje eit eventuelt forbod til sides dersom det vert sett på som urimeleg.