Kommunal rettleiar motorferdsel

Dei kommunale retningslinjene gjeld inntil lov om motorferdsel i utmark eller forskrift vert endra, eller nye retningslinjer vert vedtekne.

Regelverk

Motorferdsel i utmark er i hovudsak regulert av fylgjande regelverk:

Føremålet med motorferdsellova er ut frå eit overordna samfunnsmessig syn å regulera
motorferdselen i utmark og vassdrag med sikte på å verna om naturmiljøet og fremma trivsel, slik at
man unngår skade og ulempe for naturmiljø og menneskjer.

Føremålet med kommunale retningslinjer er å fylgje opp intensjonane i regelverket for motorferdsel i
utmark og gje føringar for kva løyve som kan gjevast hjå Eidfjord kommune. Kommunen kan gje
løyver for køyring innanfor gjeldande lovar og reglar.

Kommunen skal i sin sakshandsaming innskrenka motorferdsel i utmark til eit minimum for å ivareta
natur og fremme trivselen, jf. lovens føremålsparagraf. Kommunen plikter:

  • Å rettleie søkjar i regelverket
  • Å handsame søknader om løyve frå det generelle forbodet mot motorferdsel i utmark og vassdrag

Retningslinjene er sist endra og vedteke i sak 24/003 i Motorferdselutvalet den 12.01.2024. Disse kommunale retningslinjene gjeld inntil nye retningslinjer vert vedteke. Retningslinjene gjeld som eit supplement til gjeldande lovverk. Om retningslinjene på eitt eller fleire punkter strider med føresegnene i gjeldande lov eller forskrift, er det i disse tilfelle lov/forskrift som gjelder, herunder også om lov/forskrift blir endra. Retningslinjene skal gjennomgå