6.1 Prioritering ved opptak
- Born med nedsett funksjonsevne
- Born som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester
- Born som har bustadadresse i Eidfjord kommune
- Born som ikkje bur i Eidfjord kan få plass i barnehage her dersom det er ledige plassar. Føresetnaden er at minst ein av foreldra/føresette har arbeidet sitt her. Dei får mellombels plass for eitt år om gongen.
Før eit barn tek til i barnehagen, skal det leggjast fram ei stadfesting om helsa til barnet. Har barnet møtt til ordinær kontroll på helsestasjon, kan slik stadfesting gjevast av foreldra/føresette til barnet, jf. § 23 i Lov om barnehagar.