Handlingsplan mot mobbing

Målsetjing

Modnen barnehage har nulltoleranse mot mobbing.

Me vil ha eit respektfullt og inkluderande miljø der alle barn skal kjenne seg trygge og verte godt ivareteke på alle måtar.

«Mobbing i barnehagen kan forstås som at barn vert utsett for negative hendingar frå andre i leik og samspel, der dei opplev å ikkje vere ein viktig person for fellesskapet (Lund og Helgeland, 2016). Det å verte utsatt for mobbing handler om gjentakande negative hendingar, der individet som vert utsett har vanskar med å forsvare seg.

Når vi snakker om byrjande mobbeatferd, er det ikkje opplagt at det er så tydeleg at dei negative hendingane gjenspegler eit ønske om å gjere nokon andre noko vondt. Men det er uansett viktig å ta tak i for at det ikkje skal utvikle seg til mobbing. At barn viser byrjande mobbeatferd, eller er i risiko for å bli utsatt for byrjande mobbeatferd, kan ha ulike årsaker. Ifølge barnehagens formålsparagraf ligg ansvaret for barnets oppleving av inkludering i barnehagen hos dei vaksne.»
 

Førebyggja og hindra mobbing

Det er dei vaksne sitt ansvar å forebyggje og hindre mobbing.

Rammeplanen understreker viktigheiten av dei vaksnes haldningar, kunnskap og ferdigheiter til å møte, forstå og oppdra barn. Gjennom haldningsskapande arbeid og konkret handling i samarbeid med heimen skal personalet skape eit trygt, inkluderande og stimulerande barnehagemiljø som førebygg mobbing.

Barnehagen skal fremje positive handlingar som motverker mobbing, og arbeider for at barna verken skal oppleve å verte krenka eller sjølv kome til å krenke andre i framtida.

Barnehagens formålsparagraf seier at barnehagen skal vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap, og at dei tilsette skal møte barna med tillit og respekt.
 

Me ynskjer at barna i barnehagen skal

  • Ha eit miljø der alle vert møtt med varme, anerkjenning og oppmuntring. På den måten kan alle oppleve seg verdifull
  • Ha eit miljø der alle respekterer kvarandre for den me er
  • Ha vener å leike med. Alle barn skal ha minst ein ven
  • Oppleve glede og tryggleik i barnehagen
  • Oppleve at me har eit oppvekstmiljø som styrker barna sin sjølvkjensle – og som gjer dei godt rusta til å møte verda utanfor

Ein felles grunnhaldning om at alle i prinsippet vil kvarandre vel, kan vere eit godt utgangspunkt
 

Korleis opddaga tendens til mobbing

  • Vera tett på barna i leik og aktivitet for å kunne fange opp åtferd som kan utvikla seg til mobbing
  • Kvart barn har vaksne som kjenner barnet og føresette godt
  • Observasjon og deltaking i barn sine samspel
  • Tilbakemelding frå andre barn.
  • Ser endring i barna si åtferd
  • Barnesamtalar
  • Refleksjonar i personalgruppa
  • Foreldresamtalar der barna si åtferd og venskap vert teke opp
     

Dei vaksne i barnehagen skal

  • Sikra at alle barn deltek i leik ved å hjelpa dei til å meistra leikekoder og gje dei ferdigheiter som gjer at dei får innpass i leik med andre
  • Sikra felleskapsopplevingar der venskap kan prøvast ut og styrkast
  • Hjelpa barna til å utvikle god sjølvkjensle og meistringsoppleving – kvart barn er unikt
  • Ha fokus på, og bidra til å utvikla barna sin sosiale kompetanse
  • Byggja relasjonar vaksen - barn og støtta barna når dei byggjer relasjonar til kvarandre
  • Vera varme og grensesetjande
  • Hjelpa til med å setja ord på kjensler
  • Hjelpa barna med sinnemeistring
  • Setja i gang leik og bidra til å utvikla den
  • Vera tilstades og vera deltakande
  • Formidla verdiar som respekt og toleranse, fellesskap, omsorg og medansvar
  • Læra barna korleis dei løyser konfliktar