Fritidskontakt/støttekontakt

Eidfjord kommune har behov for støttekontaktar som kan bidra til at andre får moglegheit til ei meir aktiv og sosial fritid. Har du tid i kvardagen din og ønskjer å utgjere ein skilnad for nokon? 

Då ynskjer me at du sender søknad eller tar kontakt for ein uforpliktande samtale!

Send elektronisk søknad
Arkivsak 24/3263

Kva ein ein støttekontakt?

Ein støttekontakt skal bidra til at den enkelte får moglegheit til ei meningsfull fritid, kan oppleve inkludering, felleskap og få gode opplevingar sammen med andre. Tilbodet skal være prega av brukarmedverknad og brukarstyring.
Avhengig av brukaren sine behov, ynskje og interesser kan støttekontakten nyttast til individuelt samvær eller som ein brubyggjar til fritidsaktivitetar eller andre menneske. Eksempel på aktivitetar kan vere å gå tur, gå på kafe, gå på kino, spele spel, tilby kontakt med dyr, køyreturar osv.


Kvalifikasjonar

Det er ingen krav til fagleg bakgrunn.  Me ser etter ein person som har interesse for å jobbe med menneske. Det vert i stor gard lagt vekt på personlege eigenskapar. Du må kunne leggje fram politiattest. Det er ein fordel om du har sertifikat, men ikkje eit krav-


Kontaktinformasjon 

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Kari Helland Bu tlf 482 67 693 eller ergoterapeut Eva Meland tlf 482 64 748
Søknad med CV sender du på elektronisk skjema, arkiv sak 24/3263

Kontakt

Kari Helland Bu
Avdelingsleiar, Heimetenester
E-post
Telefon 53 67 35 70
Eva Meland
Ergoterapaut
E-post