Utfyllande informasjon om tilknytingsstopp i Sysendalen

Miljødirektoratet har etter klage vedteke at det ikkje kan vera nye tilknytingar til Isdøla og Maurset reinseanlegg frå 10.10.24.  

Eidfjord kommune la ut informasjon om dette i eiga sak, 15. oktober 2024

Vedtak frå Miljødirektoratet:

Miljødirektoratet opprettholder Statsforvalterens vedtak om tillatelse til midlertidig utsleppsløysing for Sysendalen tettbebyggelse, med følgande endringar: 

  • I tillatelsens pkt. 1.1 endres setningen "Løyvet gjeld for perioden 31. august 2023 til 31. desember 2025/ til nytt reinseanlegg for Sysendalen tettbygde område blir satt i drift" til "Løyvet gjeld for perioden 31. august 2023 til 1. juli 2027."  
  • I nytt pkt. 2.7 inntas følgende vilkår i tillatelsen: "Etter 10. oktober 2024 kan det ikkje finne sted nye tilknytingar til Isdøla og Maurset reinseanlegg."  


Vedtaket er fatta etter forurensningsloven §§ 11 og 16, jf. forvaltningsloven § 34 fjerde ledd.  Vedtaket er endelig og kan ikke påklages, jf. forvaltningsloven § 28 tredje ledd.  

Les heile vedtaket frå Miljødirektoratet her: 
Vedtak i klagesak om midlertidig utslippstillatelse (PDF, 103 kB) (PDF, 103 kB)

Kva konsekvensar vil dette ha ?

Vedtaket frå Miljødirektøratet inneber at ein kan nytta dagens hytter i Sysendalen, men kan ikkje ha nytilknytningar.  


Du som skal byggja

For deg som planlegg å byggja hytte, bustad eller anna tiltak som krev tilknyting, eller auke i belastning på avlaupsnettet:

I Plan- og bygningslova §27-2 står det at før oppretting eller endring av eigedom til bebygging eller oppføring av bygning vert godkjent, skal bortleding av avlaupsvatn vera sikra og i samsvar med forureiningslova.  

Dette inneber at kommunen ikkje har lov å gje igangsetjingsløyve eller rammeløyve til tiltak som krev tilknyting til offentleg reinseanlegg i Sysendalen. Det vil og gjelda tiltak som fører til auke i belastninga på avlaupsnettet.  Dette inneber også at det ikkje vert lov å frådela eigedomar til føremål som krev tilknyting til offentleg anlegg i Sysendalen. Dette er i samsvar med plan- og bygningslova § 21-4.  

Kven vert ikkje råka av tilknytingsstoppen?

Dersom du skal i gang med eit tiltak som ikkje har krav om tilknyting, og som ikkje fører til auka belastning på avlaupsnettet, vil ikkje dette få konsekvensar for deg.

Dersom du har fått byggjeløyve og sanitærabonnement frå kommunen ved tidlegare høve og dette framleis er gyldig, vil ikkje tilknytingsstoppen få konsekvensar for deg.

Denne informasjonen er ikkje uttømmande og ikkje dekkande for alle tilfelle.  

Status nytt reinseanlegg

Eidfjord Kommune har vedteke å byggja nytt reinseanlegg på Gommakvile i Sysendalen. Planlegging, prosjektering, respirentundersøkingar, grunnerverv og utlysing av prosessenterprise til nytt reinseanlegg har vore gjennomført hittil i 2024.  

Arbeid med fjerning av massar på tomta har starta, og plan om endeleg ferdigstilling av reinseanlegg innan 1. juli 2027. Prosjektet er delt i fleire entreprisar. Prosjekteringa av desse er på ulike stadiar og vil vera kontrahert innan mars 2025.  

Ytterlegare informasjon:

Informasjonen om tilknytingsstopp, vert oppdatert etterkvart som me får inn nye spørsmål.
Eidfjord kommune vil ha møte med Statsforvaltaren i Vestland om konsekvensane i høve endringane av vedtaket.  

 

18.10.2024
Magnus Steigedal
Rådmann