Oppdatert Info om ekstremvêret Jakob

All informasjon frå Eidfjord kommune vert lagt i ei tidsline i denne artikkelen.

Ekstremvêret Jakob

Hjølmovegen stengt frå 11. november

Grunna arbeid med å fikse vegen etter skader under ekstremvèret Jakob, vert Hjølmovegen stengt mandag 11. november.
Arbeidet vil pågå i ein lengre periode. 
Fram til mandagsmorgon, 11.11.24 er vegen open, med eit køyrefelt (v/Mylningstveiti) Begrensing på maks 3,5 tonn.

06.11.2024 10.14

Ryddebåt

Det har i samband med dei siste flaumhendingane kome mykje avfall i fjorden og langs strendene. Eidfjord kommune har fått tak i arbeidsbåt som skal gjera ein innsats på å ta avfallet som er størst og mest skjemmande. 

Båten skal vera her inne på fredag denne veka. Dette vil nok ikkje vera nok til å rydda på langt nær alt som er kome. Det er nok behov for ytterlegare rydding i tida framover.

05.11.2024 14.59

Brua over Vivo er vekke

Eidfjord kommune har fått melding om at brua over Vivo har vorte tatt av flaumen i forbindelse med uværet Jakob. Det er ikkje mogeleg å kryssa denne brua slik tilstanden er no. 
 

Kart over området - Klikk for stort bilete
05.11.2024 14.36

Har flaumvatn gravd ut, øydelagt plastring eller er det tette veiter? Meld frå

Flaumvatn kan grave og flytte på massar som kan føre til at vatnet tek nye vegar. Veiter og andre viktige tiltak for å leie vatn kan verta tetta. Plastringar kan verta øydelagte.

Etter ekstremvèret Jakob er dette tilfelle fleire stadar. Kommunen ynskjer å kartleggja dette for å kunne vera førebudd ved neste høve. 

Veit du om slike tilfelle? Då vil me gjerne vita det. 
Send informasjon, gjerne med bilete, til postmottak@eidfjord.kommune.no 
Arkivsak 24/3403

04.11.2024 13.21

RV 7 vert opna kl 18:00, Søndag 3. november

Statens Vegvesen melder at Rv. 7 opnar kl 18:00,  Søndag 3. november

Ved Erdal bru vert det eit køyrefelt, lysregulering og fartsgrensa er satt ned til 50.
Bussruter vil gå som normalt etter kl 18:00. Korrespondanse med Voss og Odda.

www.vegvesen.no
 

 

03.11.2024 13.06

Ny vurdering av Stengt Rv.7 kl 18, Søndag 3. november

Statens vegvesen melder på sine nettsider:

Rv. 7 Erdal i Eidfjord, Vestland 
Skade på vegnett, vegen er stengt.
Ny vurdering søndag 03/11 kl 1800 Utrykningskjøretøy kan passere.
Utrykningskjøretøy kan passere.

www.vegvesen.no 

03.11.2024 13.02

Ordføraren oppsumerer etter uværet Jakob

No er det verste uværet over men det har og vil forsetja å påverka innbyggjarane i Eidfjord kommune. Ordførar Timo Knoch har skrive eit inlegg til innbyggjararane etter dei siste dagane sien hendingar,

Ordføraren oppsummerer etter uværet Jakob 

03.11.2024 11.12

Båtskyss søndag 03.11.24

Til/frå Ulvik sentrum – Til/frå båthamn i Eidfjord sentrum  (Max. 8 personar)
Begrensa kapasitet, helsepersonell og personar som skal til/frå kritisk arbeid vert prioritert. Møt opp i god tid.

  • Avreise Ulvik til Eidfjord Kl. 09.00
  • Avreise Eidfjord til Ulvik Kl. 09.50 (korresponderer med buss frå Ulvik til Voss)
  • Avreise Ulvik til Eidfjord Kl. 13.45
  • Avreise Eidfjord til Ulvik kl. 14.25 (korresponderer med buss frå Ulvik til Voss)

Båt vert sett opp utifrå busstider og kun når det er lyst (dagtid). Avklaring i forhold til båtskyss mandag kjem i løpet av sundag

02.11.2024 11.14

Situasjonsrapport Eidfjord etter ekstremvêret Jakob

Siste døgnet har ekstremvêret Jakob råka Hardangerregionen hardt. Hardast ramma er det nok nabokommunen vår Ullensvang som er. I Eidfjord er Erdal spesielt råka.

Les situasjonsrapport Eidfjord etter ekstremvêret Jakob

02.11.2024 10.04

Båtskyss laurdag

Laurdag – 02.11.2024 (Max. 8 personar)
Til/frå Ulvik sentrum – til/frå kai bak Coop i Eidfjord sentrum.
Begrensa kapasitet, helsepersonel og personar som skal til/frå kritisk arbeid vert prioritert. 

Møt opp i god tid.

  • Avreise Eidfjord til Ulvik Kl. 09.50 (korresponderer med buss frå Ulvik til Voss)
  • Avreise Ulvik til Eidfjord Kl. 13.45 
  • Avreise Eidfjord til Ulvik kl. 14.25 (korresponderer med buss frå Ulvik til Voss)
     

Båt vert sett opp ut frå busstider og kun når det er ljos (dagtid). 

01.11.2024 16.53

Båtskyss fredag 01.11.24 (maks 10 personar pr tur)

Til/frå Gamle Bruravik ferjekai – Til/frå kai bak Coop i Eidfjord sentrum

Begrensa kapasitet, helsepersonell og personar som skal til/frå arbeid vert prioritert. Møt opp i god tid.

  • Avreise Eidfjord til Bruravik kl. 13.00 (korresponderer med buss frå Ulvik til Voss)
  • Avreise Bruravik til Eidfjord Kl. 15.30
  • Avreise Eidfjord til Bruravik Kl. 16.00  (ingen korrespondanse med Buss)

Grunnen at det blir avgang/tilkomst Bruravik er grunna sterke strømningar ved Brimnes ferjekai. Til informasjon er det mykje sjø i Eidfjorden, opptil 3 meter høge bølger.

Informasjon om båtskyss for laurdag og sundag kjem seinare. 

01.11.2024 11.49

Melding frå Kommunal kriseleiing

Kommunal kriseleiing i Eidfjord kommune har gjennomført KKL møte fredag morgon.

RV. 7 er stengt mellom Brimnes og Eidfjord grunna skadar på vegnett/bru ved Erdal, Statens Vegvesen arbeidar med å få på plass tiltak og informerer om ny vurdering mandag 4/11 kl. 12.00. 

FV. 5096 Eidfjord-Sima er open.

Tilrettelegging for helse og beredskap er første prioritet i høve stengt veg. Kommunen har avtale med beredskapsbåt ved hendingar, og vurderer båttransport med korrespondanse med rutebuss når det vert mogleg.

Vøringfoss hotell er opna opp for dei som måtte ha behov for overnatting.

Det er høg vasstand i elver og bekkar, vannstanden er ventet å gå ned i løpet av dagen.

01.11.2024 10.23

Framleis stengt veg

Rv 7 mellom Brimnes og Eidfjord er framleis stengt.

Ny vurdering laurdag kl 12.00
(dette er endra til måndag 04.11.24 kl 12.00)

01.11.2024 09.56

Melding frå kommunal kriseleiing

Kommunal kriseleiing i Eidfjord kommune har jamnleg dialog og møte i ettermiddag/kveld.

RV. 7 er stengt mellom Brimnes og Eidfjord, og FV. 5096 Eidfjord-Sima er stengt. Statens vegvesen og Fylkeskommunen tek ny vurdering fredag føremiddag.

Tilrettelegging for helse og beredskap er første prioritet i høve stengt veg, kommunen har kontakt med beredskapsbåt ved hendingar og det er stasjonert ambulanse i Eidfjord.

Beredskapsbåt går frå kaien bak Coop kl. 0830 fredag morgon, det er ingen korrespondanse vidare og begrensa kapasitet.

Vøringfoss hotell er opna opp for dei som måtte ha behov for overnatting.

Det er høg vasstand i elver og bekkar, all ferdsel må avgrensast.

31.10.2024 20.59

Rv 7 er stengt

Fare for steinskred/steinsprang så vegen vert stengt mellom Brimnes og Stangadalen i Eidfjord, Vestland.

Frå torsdag kl 18.56
Ny vurdering fredag 01.11.24 kl 12.00

31.10.2024 19.18

Stengt veg

Fv. 5096 Stavanesodden i Eidfjord, Vestland
Flom, vegen er stengt.
Ny vurdering kl 10 fredag 1/11.

Hald deg oppdatert på Vegvesenet sine nettsider

31.10.2024 16.58

Må du ut å køyra

For dei som må ut å reise til nabokommunane kan det, i tillegg til å sjekka vegvesenet sine trafikkmeldingar, vera lurt å følgja med på desse nettsidene:

31.10.2024 14.54

Raudt farevarsel - ekstremt mykje regn

Status

Me deltek i samordningsmøtet i regi av Statsforvaltaren, der MET, NVE, vegmyndigheiter, nødetatar og vestlandskommunar er representert. Kommunal kriseleiing har dialog med lokalt politi og har beredskapsbåt tilgjengeleg om det skal verta nødvendig.

Kva kan skje?

  • Det er venta store mengder nedbør over Vestland utover dagen torsdag og natt til fredag, som kan føra til flaum og skred. Politiet oppmodar om å unngå unødvendig ferdsel på vegane i distriktet. Det kan vera store lokale forskjellar. Me oppmodar alle om å halda seg oppdatert for varselet i sin kommune på www.varsom.no.
  • Som følgje av store mengder nedbør kan det verta stor vassføring i elvar og bekkar. NVE oppmodar difor om at folk held god avstand fordi det raskt kan oppstå erosjonsskadar eller flaum, eller bekker/elvar kan ta nye løp.
  • Folk vert oppmoda om å gjera førebyggande tiltak som kan bidra til at vatnet kan renna fritt i det naturlege løpet. Det kan t.d. vera å reinse stikkrenner, rister, kulvertar, bekker og andre vassvegar.
  • Nokre vegstrekningar er preventivt stengde. Andre vegar kan verta stengde på kort varsel. Statens vegvesen og fylkeskommunen vil koma med fortløpande informasjon om status på vegnettet. Oppdatert informasjon er å finna på www.vegvesen.no.

Det er tett dialog mellom relevante aktørar. Statsforvaltaren har hatt samordningsmøte torsdag kl. 10.00, og vil invitera til nytt møte kl. 18.00, for å sikra lik situasjonsforståing og deling av informasjon mellom dei involverte.

Ekstremvêret Jakob, kart over vestlandet som viser nedbørsmengd - Klikk for stort bilete
31.10.2024 13.10

Raudt farevarsel - ekstremt mykje regn

Det er sendt ut farevarsel frå Meteorogisk institutt (MET) og NVE om ekstremt mykje nedbør i ein 24 timars periode. Varselet gjeld frå midnatt Torsdag 31.11 til midnatt Fredag 1. nov.  Ekstremværet har fått namnet Jakob.

Torsdag er det venta ekstremt mykje regn, lokalt 120-180mm/24t. Natt til fredag vil nedbøren gå over til byger og minka, først i nord.

Anbefalingar

  • Vurder behov for førebygjande tiltak
  • Unngå å køyre i overvatn, utan å ha kjennskap til dybden
  • Vurder nøye om reisa faktisk er nødvendig

Konsekvensar

  • Fare for overvatn
  • Fare for stengte vegar og/eller overvatn ved bekke- og elveløp
  • Vanskelege køyreforhold grunna overvatn og fare for vassplaning
  • Fare for straumbrot

Melding frå Statsforvaltaren

Det er venta store mengder nedbør over Vestland frå natt til torsdag, og det kan føre til overfløyming, flaum og skred.  Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert for varselet i sin kommune på www.varsom.no.

Som følgje av stor mengder nedbør kan det bli stor vassføring i elver og bekker. NVE oppmodar difor om at folk held god avstand, fordi det raskt kan oppstå erosjonsskadar eller flaum, eller bekkar/elver kan ta nye løp.

Folk vert oppmoda om å følgje med på kritiske/sårbare punkt og infrastruktur som ein ut frå tidlegare erfaring har sett er utsett ved den type vêr/naturhendingar som er varsla, og gjer eventuelle førebyggande tiltak som kan bidra til at vatnet kan renne fritt i det naturlege løpet.  Det kan t.d. vere å reinse stikkrenner, rister, kulvertar, bekker og andre vassvegar.

SVV og fylkeskommunen vil kome med fortløpande informasjon om status på vegnettet. 

Varselet gjeld for Midtre og indre strøk av Vestland

Hald deg oppdatert på:

Varsom.no

Yr.no  

Vegvesen.no  

NVE/Sildre (oppdatert vassføring og vasstand)

30.10.2024 12.08