Miljødirektoratet har pålagt tilknytningsstopp i Sysendalen avgiftsområde

Miljødirektøratet har handsama klage frå Solbakken velforeining i høve mellombelse tiltak ved Isdøla reinseanlegg. 

Klagen vart sendt inn i september 2023, og svar på klagen kom no 11. oktober 2024.

Miljødirektoratet har gitt løyve til mellombels utsleppsløysing for Sysendalen i perioden fram til 1. juli 2027. Miljødirektoratet har i forbindelse med handsamingaav klagen skjerpa inn vilkåra i det mellombelse løyvet. 

Miljødirektøratet har vedteke at “Etter 10. oktober 2024 kan det ikkje finne stad nye tilknytningar til Isdøla og Maurset reinseanlegg”. 

Vedtaket frå Miljødirektøratet inneber at ein kan nytta dagens hytter i Sysendalen, men ein kan ikkje knytta til nye tilknytningar etter 10 . oktober 2024. 

Vedtaket frå Miljødirektøratet er endeleg og kan ikkje påklagast, jf. Forvaltningslova § 28 tredje ledd. 

Les vedtaket frå Miljødirektoratet her:
Vedtak i klagesak om midlertidig utslippstillatelse (PDF, 103 kB)

15.10.2024
Magnus Steigedal
Rådmann