Fjellstyrehytter stengt i påskenFjellstyrehyttene på Gamla Sandhaug, Heisanntjørn og Viersla er stengd i påsken Grunngjeving Hyttestyret i Eidfjord fjellstyre har vedteke å stenga desse tre hyttene i påsken. Dette er grunngjeve med at det er mykje rein vestover på Hardangervidda no. Det er avgjerande at reinen får ro for å ta opp at bruken av nord-vestvidda på vår og sumar. Kalving Det er eit håp at dyra vert verande i området fram mot kalving og tek opp at bruken av nord-vestvidda. Det er og håp at dette vil bidra til mindre smitte og parasittpress på reinen. Stenging Hyttene vert difor stengd frå og med palmehelga til og med andre påskedag. Publisert 23.03.2021 08.57 Sist endra 23.03.2021 14.36