Trekningsliste og ordningar, villreinjakta på Eidfjord statsallmenningFjellstyret har føreteke trekking av rekkefølgje for tildeling av tilbod om reinsjakt på Eidfjord statsallmenning. Fellingskvota Fellingskvota er ikkje endeleg, men det ligg an til at fjellstyret har nok fellingsløyve til å tildela dei 130 første på lista. Fjellstyret har vedteke ikkje å sleppa til meir enn 130 jegerar på allmenningen, dette pga lett tilkomst og fare for samanstimling av jegerar. Ordningar Vedlagt følgjer ordningar for jakta og trekningslista. Når fellingskvota for Hardangervidda er endeleg vert jeger som er tildelt fellingsløyve kontakta via e-post med nærare orientering om tilbodet, betalingsfrist og ordning for henting/sending av fellingsløyve. Ordningar 2022 Samla trekningsliste (PDF, 157 kB) Publisert 09.05.2022 13.26 Sist endra 09.05.2022 13.26