Sal av småviltjaktkort stoppa

Det vert ikkje opna for meir sal av småviltjaktkort på statsallmenningen.

Takseringsresultatet er no klart, og dessverre er det ikkje grunnlag for meir kortsal for rypejakt i år. Takseringa viste tettheit på 8,7 rype per kvkm og 2,6 kyllingar per høne. Det er tilrådd 3 kyllingar per høne for at produksjonen skal tåla jakt.

Under takseringa var det og rapport om ein del små kyllingar, noko som og tyder på seine kull og kanskje omlagte kull.

Fjellstyret håpar på forståing og håpar tiltaket bidreg til at det vert jakt neste år.

Rypetaksering

Resultat frå hønsefugltakseringane (PDF, 213 kB)