Hugs å registrera felte dyr

Hugs å registrera felte dyr og cwd-prøve (strekkode) på Hjorteviltregisteret.

På Hardangervidda er det per i dag i registrert ca. 900 cwd-prøvar frå felt villrein, og for 700 for av desse er opplysningar om dyret registrert på hjorteviltregisteret. For at forvaltninga skal få opplysningar om kjønn og alder på dei dyra som det er levert cwd-prøve frå er det heilt avgjerande at alle opplysningar vert registrert på hjorteviltregisteret (eller appen Sett og skutt).

Opplysningar om eit felt dyr vert registrert i hjorteviltregisteret, og innsendt cwd-prøve vert kobla samen via strekkoden på merkelappen som vert sett på cwd-prøveglasset. Det er derfor særs viktig at jeger registrerer opplysningar om felt dyr på hjorteviltregisteret og også registrerer strekkode for cwd-prøve.

Valdansvarlege må minne jegrane på at dei må registrera alle opplysningane om felte dyr – inkludert strekkode for cwd-prøve – på www.hjorteviltregisteret.no