Forbod om bruk av blyhagl til småviltjakt

Eit EU-direktiv set no i realiteten ein endeleg slutt for bruk av blyhagl til jakt, også i Noreg. Miljødirektoratet har varsla at forbodet er gjeldande frå 15. februar 2023.

Forbodet

Forbodet mot bruk av blyhagl gjeld i og nær våtmark, slik våtmark er definert i Ramsar-konvensjonen. Den har ein omfattande definisjon av våtmark, og Miljødirektoratet er klar i talen: “I praksis betyr den nye reguleringen et totalforbud mot blyhagl i den mest vanlige skogs- og fjelljakta.”

Eidfjord statsalmenning

Fjellstyret tek konsekvensen av dette og varslar at det er forbode mot bruk av blyhagl til småvaltjakt i heile Eidfjord statsalmenning.