Planstrategi Eidfjord kommune 2024-2027

6 Prioriterte oppgåver 2024-2027

Tabellen tek føre seg prioriterte planoppgåver og prosjekt for den kommande fireårsperioden. Oversikta syner kva avdeling som har hovudansvaret for framdrift av prosjektet/planverket, kva ressursar ein forventa å nytta og når arbeidet skal startast opp.

Tabell 4: Oppgåver for perioden 2024-2027.



Plannamn


Planleggingsperiode


Forventa ressursbruk

2024

2025

2026

2027


Større tverrfaglig samarbeid
Kommuneplanen sin samfunnsdel

 

 

 

x

Ekstern ressurs
Risiko- og sårbarheitsanalyse 
(ROS) Eidfjord

 

x

 

 

Intern/
ekstern ressurs
Prosjekt Lægreid skule

 

x

 

 

Ekstern ressurs

Hovudansvar Drift og forvaltning
Trafikktryggleik- og ladeinfrastrukturplan

 

x

 

 

Intern ressurs
Forprosjekt Simadal næringspark

 

x

 

 

Ekstern ressurs
Hovudplan for vatn, avlaup og vassmiljø

 

 

x

 

Ekstern ressurs

Hovudansvar Kultur, næring og berekraft

Strategisk næringsplan,

Revisjon retningsliner for næringstilskot

x

 

 

 

Intern ressurs
Plan for besøksforvaltning

 

x

 

 

Ekstern ressurs

Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Sti- og løypeplan Eidfjord kommune

 

 

x

 

Intern ressurs

Hovudansvar Helse og omsorg/NAV
Bustadpolitisk strategiplan

 

x

 

 

Intern ressurs

Kommunen sin administrasjon vil vera involvert i anna planarbeid på vegne av kommunen:

  • Regional sti- og løypeplan for Hardangervidda, regi av Buskerud fylkeskommune
  • Interkommunal plan (IKP) Felles forvaltningsplan for Hardangerfjorden, regi av Hardangerrådet

6.1 Vurdering av prioriterte prosjekt, planar, strategiar og styringsdokument

6.1.1 Kommuneplanen sin samfunnsdel 2015-2027

Kommuneplanen sin samfunnsdel for Eidfjord kommune vart vedteken for perioden 2015-2027. Planen skissera tre satsingsområder for perioden; bu-, oppleving- og besøks-, og arbeidskommunen Eidfjord. Elementa belyser innhald i eit livskraftig samfunn. Kommuneplanen legg føringar for at Eidfjord skal vera trygg og god for alle aldersgrupper, det skal vera godt tilbod av arbeidsplassar lokalt eller i regionen og ein skal tilretteleggja for aktivitet knytt til turisme. 

Kommunen ser at planen bør reviderast. Ettersom kommunen er i arbeid med kommuneplanen sin arealdel, ynskjer ein å ferdigstilla denne før oppstart av rullering av kommuneplan sin samfunnsdel. Ein ser det hensiktsmessig å starta arbeidet i slutten av planperioden.

6.1.2 Risiko- og sårbarheitsanalyse for Eidfjord kommune

Eidfjord kommune sin risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) er frå 2017. Etter denne tid har Direktorat for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) framlagt ny metode for gjennomføring av ROS-analyser. Kommunen har etter tilsyn fått pålegg om å utarbeida ny ROS. 

6.1.3 Trafikktryggleik- og ladeinfrastrukturplan

Gjeldande trafikktryggleiksplan for Eidfjord kommune vart vedteken i 2012. Planen tek føre seg tilhøve langs gang- og køyrevegnettet i kommunen. Planen inneheld ei tiltakslista som er tilnærma gjennomført. Regionale mynder har tilskotsordninger for trafikktrygging, her må kommunen kunna syna til oppdatert planverk for å få tildelt tilskotsmidler til trafikksikringstiltak.

I ny plan ynskjer kommunen å samanstilla trafikksikring og ladeinfratruktur i felles planverk. Kommunen har fleire store ladestasjonspunkter, og fleire vil det komma. Kommunen ser behov for å sjå på heilskapen knytt til ladeinfrastrukturen i kommunen. 

6.1.4 Hovudplan for vatn, avlaup og vassmiljø

Eidfjord kommune har behov for ein overordna plan for vatn, avlaup og vassmiljøet i kommunen for å sikra forvaltning i tråd med drikkevassforskrifta og vassforskrifta. Planverket vil syna eksisterande infrastruktur, og framtidig utbyggingsbehov for vassforsyninga og reinsing av spillvatn. Planverket bør omtala ma. forsyningstryggleik og tilstand i vassførekomster.

6.1.5 Plan for idrett, aktivitet og friluftsliv

Gjeldande plan for idrett, aktivitet og friluftsliv vart vedteken for perioden 2017-2020. Etter denne tid har handlingsdelen til planen vorte rullert. Administrasjonen ser behov for revisjon av planen, og integrasjon av kommunen sin sti- og løypeplan for Sysendalen. 

Administrasjonen ser behov for å utvida sti- og løypeplanen til å gjelda heile kommunen. Det er pågåande arbeid med regional sti- og løypeplan for Hardangervidda, resultat av dette arbeidet vil påverka utforming av kommunen sin sti- og løypeplan. 

6.1.6 Plan for besøksforvaltning

Eidfjord er eit ynda reisemål for innland- og utenlandske turister. Me har attraktive turområder, flotte attraksjoner og mykje historie. For å forvalta områdene me har, bør ein utarbeida ein plan for besøksforvaltning som vil sei noko om korleis ein ynskjar besøkande til kommunen. 

I tråd med vedtak i sak 24/008 igangsette Eidfjord kommune i sommar 2024 arbeid med ein Tolerenseanalyse for Eidfjord sentrum. I løpet av haust 2024 skal kommunen i tråd med budsjettpost 202432 igangsetta ein Berekraftsanalyse for Sysendalen. Desse arbeidene vil vera gode grunnlag for utarbeiding av ein plan for besøksforvaltning i kommunen.

6.1.7 Strategisk næringsplan

I 2023 vart det gjennomført eit større arbeid med kunnskapsgrunnlag for utforming av ein strategisk næringsplan for kommunen. Kommunen ser behov for ein strategisk næringsplan som legg føringar for korleis næringa i Eidfjord skal utvikla seg, punktet kan relaterat til punkt om besøksforvaltning og punkt om Simadal næringspark. 

Dersom utfordringar med ressursar, vil ein prioritera revisjon av retningsliner for næringstilskot. 

6.1.8 Bustadpolitisk strategiplan

Attende i åra kring 2012 hadde Hardangerrådet ein pågåande kampanje «Flytt til Hardanger» som eit av fleire prosjekter for å auka folketalet i distriktsområder. Det vart i forbindelse med dette søkt midler til ein analyse av bustadmarknaden i Hardanger, som resultat av dette vart det laga ein lokal bustadplan med strategiske val og prioriteringar for kommande år. Planen er nå av alder, lokale tilhøver og arbeidsmarknaden har endra seg gjennom tida og dette gjer behov for revisjon av planverket. 

6.1.9 Forprosjekt Simadal næringspark

I tråd med vedtak i sak 24/014 har Eidfjord kommunestyre fremja ynskje om eit forprosjekt for næringsutvikling i Simadal. Kommunen ynskjer å utnytta areala i Simadal, og vil gjennom ei utgreiing sjå kva poensiale området har. 

6.1.10 Prosjekt Lægreid skule

I budsjettet for 2024 er det avsett kr. 5.000.000,- til framtidige investeringer knytt til Lægreid skule. Skulebygget er frå 1968, det har vore gjort naudsynt vedlikehald og ombyggingar gjennom tida. Ein har nå nådd eit punkt kor ein har behov for større rehablilitering av bygget, eller bør sjå moglegheita for nybygg. Det skal igangsettjast eit prosjekt knytt til å utreda moglegheiter kring skulebygget. 

6.2 Ikkje prioriterte planar, strategiar og styringsdokument

Delkapittelet gjer ein gjennomgang av planoppgåver som ikkje er prioritert for perioden 2024-2027.

6.2.1 Naturmangfald, klima og energiplan – samanslåing og revisjon

Eidfjord kommune vedtok ein kommunedelplan for naturmangfald i 2022, planen samastiller kunnskapgrunnlag for naturmangfald i Eidfjord kommune. Som fylgje av planen skal det utarbeidast ein handlingsplan for vidare arbeid med tematikken.

Eidfjord kommune vedtok i 2020 ein kommunedelplan for energi og klima, planen har framlagt tiltakslista for 2021 og 2022 med tiltak for kommunedrifta.

Det er vurdert hensiktmessig å slå saman desse to planane til eit felles planverk, då tematikkene har verknad på kvarandre. Grunna planane sin nye vedtaks år, og prioriering av andre planoppgåver, vert ikkje arbeidet prioritert i gjeldane planstrategi. 

6.2.2 Områdeplan Øvre Eidfjord

Eidfjord kommune fekk i 2022 offisielt melding om det ustabile fjellpartiet Tussafoten i Øvre Eidfjord. På grunnlag av dette bør ein oppdatera planverket i området for å taka inn faresona i plan. Kommuneplanen sin arealdel vil avklara deler av problematikken. Det er ynskjeleg å gjennomføra eit arbeid med ein områdeplan som tek føre seg dei store trekka i arealbruken i Øvre Eidfjord. Grunna avklaringar som skjer i kommuneplan, kombiner med prioritering av andre oppgåver vil ikkje punktet verta prioritert i gjeldande planstrategi.

6.2.3 Revisjon av Områdeplan Menes-Vik-Lægreid

For Eidfjord sentrum regulera Områdeplan Menes-Vik-Lægreid (planid: 2013001) korleis ny utvikling skal skje. Områdeplanen er frå 2016, og samanstiller fleire mindre planar for sentrumsområda og Lægreidsflata. Gjennom administrasjonen sitt arbeid med planverket ser ein behov for revisjon av planverket for å sikra heilskapen i området.