3 Erfaringar frå planstrategien for 2019-2023
Planstrategien for 2019-2023 var avmålt, hadde få, men store oppgåver lista opp. Erfaringa frå planstrategien frå 2016-2019 gjorde at planmengda vart betydeleg redusert. Strategien frå 2016-2019 førespegla ei stor mengde arbeid, som ikkje var foreinleg med sine avsette ressursar. Planstrategien for 2019-2023 tok lærdom, og nedfelte prosjekter og planar ein hadde ressursar til å gjennomføra.
Tabell 1: Status for planstrategi 2019-2023.
Oppgåve
| Status | Administrativ kommentar
|
Ferdigstilt | Påbegynt | Ikkje starta |
Kommuneplanen sin arealdel | | x | | Under arbeid. |
Detaljplan for Lægreid (bustadtomter) | | x | | Planforslag er utarbeida, stopp grunna manglande avklaring flaum. |
Detaljprosjektering for torg- og sjøfront sentrum | | x | | Administrasjonen vidareføra prosjektet frå Sentrumskomiteen. |
Oppdatere planverk pga. skred/flaum Tussafoten | | | x | Statsforvaltaren i Vestland arbeider med Objektplan for Tussafoten. |
Kommunedelplan for trafikksikkerheit | | | x | Ikkje påbegynt. |
Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv | x | | | Revidert handlingsprogram. |
Dei fleste oppgåvene frå førre planstrategi vart starta opp i planperioden. Nokre av elementa vart ikkje starta opp, grunna parameter utanføre kommunen si makt. I tillegg til prosjekta og planane i planstrategien, vart det starta opp og gjennomført andre prosjekt. Planstrategien for 2019-2023 sitt avgrensa omfang understreka ei fleksibilitet i fastsett arbeid, og oppgåver som «dukkar opp».
Tabell 2: Andre planoppgåver som er gjennomført/starta opp utan at dei har vore del av planstrategi.
Oppgåve
| Status | Administrativ kommentar
|
Ferdigstilt | Påbegynt |
Leve heile livet-plan | x | | Konsekvens av kvalitetsreforma i helsesektoren frå 2017-2018. |
Detaljregulering av Sysendalen reinseanlegg | x | | Naudsynt arbeid med nytt reinseanlegg for avløpsområde Sysendalen, etter tilsyn frå Statsforvaltaren i Vestland. |
Detaljregulering av Kjerøyna | | x | Overtaking av prosjekt frå Sentrumskomiteen. |
Tolegrenseanalyse for Eidfjord sentrum | | x | |
Plan for førebyggande arbeid | x | | |
Ruspolitisk handlingsplan 2024-2028 | x | | |
Mindre revisjon av Overordna risiko- og sårbarheitsanlayse (ROS) Eidfjord kommune | x | | |
Kommunedelplan for naturmangfald | x | | Etter tildeling av prosjektmidler frå Miljødirektoratet. |
Ved planlegging av ny planstrategi er det viktig å sjå samanhengen mellom oppgåver, avdelingar og budsjett/ressursbruk. Planarbeida tek tid frå oppstart og medverknad, til forslag og vedtak av komplett plan/prosjekt. Prosjekter går i mange tilfelle over sette tidsfristar, grunna uforutsette element i prosessen. Ein må ha ei realistisk tanke om tidsbruk, og ved større arbeider setja av tilsvarande ressursar.
Det krevjar kontinuitet i ressursar for å gjennomføra prosjekter internt. Ved innleige av konsulenttenester vil ein letta den interne ressursen noko, men ein må ikkje undervurdera oppfylginga. Konsulentarbeid må fylgjast tett opp for å sikra eit godt resultat.
Ved prioritering av oppgåver i oppstartsåret av planstrategien må ein ha eit realistisk bilete av pågåande prosessar. Desse prosessane må fullførast før ein kan frigjera ressursar til nye prosjekt.