Planstrategi Eidfjord kommune 2024-2027

5 Erfaringar frå kunnskapsgrunnlaget

Frå statlege mynder er det framlagt Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for tidshorisont 2023-2027. Det er ein felles målsetnad å leggja til rette for trygge, berekraftige og levande lokalsamfunn på tvers av Noreg. Kommunen sin politikk skal vera i tråd med denne, og innsats er avgjerande for at Noreg som heilskap skal lykkast i å realisera ein berekraftig samfunnsutvikling.

Scenario Vestland speilar dei verkeleg store utfordringane for Vestland fylke, med tidsperspektiv 2040. Desse scenarioa sett utvikling i ein bestemt retning på spissen, og skal gje tankevekkara for val ein gjer. Tilhøva i Eidfjord gjer at fleire problemstillingar er relevante; me omgjer oss med skred, ras og flaumhendingar. Me bur i eit stabilt samfunn med god infrastruktur og gode offentlege tilbod. Me opplever fråflytting og auka press i eldreomsorgen. Me har store konkurransefortrinn på grøn energi, etablering av ny næring og arbeidsplassar. 

Eidfjord kommune er ein kommune med lågt folketal, noko som har konsekvens for tilgjengeleg statistikk for kommunen sitt verkeområde. Utviklingsplanen for Vestland gjer statistikk for Indre Hardanger, som omfattar Eidfjord og Ullensvang. Ein legg regionsstatistikk til grunn for utviklingstrekk i Eidfjord.

Kunnskapsgrunnlaget peikar på utfordringar knytt til endra demografi, mangel på arbeidskraft og fråflytting frå bygdene som utfordringar for distrikt-Noreg. Arbeidsmarknaden i Eidfjord er prega av offentlege tenester, kraftproduksjon og tenester knytt til reiselivet. Indre Hardanger har generelt ein låg tilvekst av private tenester og offentlege arbeidsplassar. 

Eidfjord som stad er ein turistdestinasjon for folk frå inn- og utland. Kommunen har ei veletablert turistnæring, som i større grad må tilpassa seg krav for ein berekraftig destinasjon. Kommunen har igangsett arbeider for å auka kunnskapen kring besøksnæringa si påverknad på lokalsamfunnet på fleire nivå. Arbeidet fordrar at ein tek kunnskapsgrunnlaga vidare i ein plan for berekraftig besøksforvaltning.

Klimapåverknaden i regionen er høg; ein må redusera utslepp av klimagassar, unngå nedbygging av sårbart areal og sikra bebyggelse mot eit endra klima. Eidfjord har hovudveg gjennom kommunen, samt cruiseanløp som bidrar til lokalt utslepp. Lokale strategiske val knytt til elektrifiseringa vil gjera kommunen grønare. Eidfjord er ein fritidsbustadkommune, i ljos av justerte nasjonale føringar for fritidsbebyggelse må ein for ny arealbruk ta beviste val knytt til nedbygging og bruk av natur. Endringar i klima- og naturtilhøva påverkar eksisterande bebyggelse, og planlegging av ny bebyggelse.