Vinterferie med Ferie for alle

Informasjon om gratis ferieopplevingar for barnefamiliar.

Søknad

Slik søkjer du om ferieopphald

Kven kan vera med på Ferie for alle?

Familiar som:

  • Har hatt økonomiske utfordringar og budd i Norge dei siste 3 åra
  • Har minst eitt barn i barneskulealder (6-13 år)
  • Har ikkje tilsvarande ferietilbod
  • Minst ein av foreldra kan forstå/gjera seg forstått på norsk
  • Klarar seg sjølv utan behov for tett oppfølging frå våre frivillige
  • Fungerer i gruppe sammen med andre på leir

Ferie for alle – vinterferie 2025

  • Røde Kors dekkjer felles transport til og frå feriestadane
  • Overnatting og mat er inkludert
  • Me held til på Merket i Valdres
  • Det er ca. 50 tilgjengelige plassar
  • Tidsrom: tysdag 25. februar - laurdag 1. mars
  • Søknadsfrist 27. januar

Søkjarar som ikkje har vore med på “Ferie for alle” tidlegare vert prioritert.

Om staden

Merket er eit fjellsenter som ligg i Tisleidalen på fjellet mellom Gol og Fagernes. Staden er avsidesliggjande i vakre omgjevnadar. Næraste daglegvarehandel ligg ca. 30 minutt gåtur unna.

Senteret består av fleire rehabiliterte, sjarmerande bueiningar samla i tun. Bygningane og romma varierer frå
mer moderne standard i hovudbygningen, til tunhytter og eldre bygningar med fleirsengsrom og enkel standard.

Kjøretid frå Bergen er ca. 6,5-7 timar (inkludert pauser undervegs)

Butilhøve

Familiane vil bo på eige rom, eller i eige hytte. Familiestorleik avgjer romtype, så spesiell romtype/hytte kan ikkje
garanterast.

Hyttene har eige tekjøkken, og romma har tilgang til tekjøkken i fellesstove.

På Merket er det mogeleg å sjå TV i fleire av fellesromma, men det er ikkje radio/TV på rom/hytter. Det finns
også eit vaskerom med vaskemaskin og tørkemoglegheiter. Senteret har kiosk med enkle kioskvarer i resepsjonen.

Det finns internett i fellesområder, men ikkje på dei fleste rom/hytter.

Kva kan du forventa av aktiviteter?

På Merket er det stort sett mykje snø på vinteren og det vert lagt opp til mykje uteaktiviteter som aking (med trekk opp bakken), langrennski, «winter games», tur med bålpanne med meir.

Det vert lagt opp til fellesaktiviteter kvar dag, men det vil også vera fritid/eigentid for familiane.

Les meir om Merket på nettsida til Røde kors