Uttale om parkeringsforskrifta for TinnhølområdetYnskjer uttale til parkeringsforskrifta for Tinnhølområdet sesongen 2023.Frist for å senda innspel er 01.11.2023 Publisert 30.10.2023 07.23 Sist endra 30.10.2023 08.23 EvalueringEidfjord kommunestyre vedtok Forskrift om atferdsreglar og parkering på og ved Tinnhølvegen i Eidfjord kommune 15.05.2023. Parkeringsforskrifta har vore gjeldande for området Tråastølen, Tinnhølvegen og Tinnhølen denne sesongen, og Eidfjord kommune skal no evaluere forskrifta.I samband med evalueringa ynskjer me di tilbakemelding på korleis sesongen har vore no når forskrifta har vore gjeldande. Me ynskjer å høyra både kva som har vore bra og kva som ikkje har vore bra.ForskriftForskrift om atferdsreglar og parkering på og ved TinnhølvegenInnspelInnspel kan sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.Frist for å senda innspel er 01.11.2023Vegen vidareGjennom evalueringa vil kommunen også ta stilling til om forskrifta skal halde fram slik den er eller om den skal reviderast. Ved ei eventuell revidering må endringane ut på høyring. Det skal altså ikkje gjerast nokon endringar på noverande tidspunkt.