Tilskot til kulturbygg i VestlandOrdninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Det er ulike lokale søknadsfristar i kommunane. Publisert 23.02.2024 13.43 Sist endra 23.02.2024 13.43 Kva kan du søkja om tilskot til?kulturhusfleirbrukslokalespesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltakscenekunstlokalekonsertsalformidlingslokale for biletkunstetablering av livssynsnøytrale seremoniromMidlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.Er ditt anlegg i anleggsregisteret?Før du kan søkja må du sikra at ditt anlegg er registrert i anleggsregisteret.no Dersom du ikkje finn anlegget ditt der må du ta kontakt med kultursjef Bergljot Maria Veivåg Hauso for å få oppretta anleggsnummer. SøknadsfristFrist for å leggja søknaden inn i anleggsregisteret si elektroniske løysing er sett til 15. mars. Kommunen har frist til å vidaresenda søknadane til fylkeskommunen innan 30. april. Informasjon om ordninga på fylkeskommunen sine siderSend inn elektronisk søknad på anleggsregisteret