Vedtak frå Miljødirektoratet:
Miljødirektoratet opprettholder Statsforvalterens vedtak om tillatelse til midlertidig utslippsløsning for Sysendalen tettbebyggelse, med følgende endringer:
- I tillatelsens pkt. 1.1 endres setningen "Løyvet gjeld for perioden 31. august 2023 til 31. desember 2025/ til nytt reinseanlegg for Sysendalen tettbygde område blir satt i drift" til "Løyvet gjeld for perioden 31. august 2023 til 1. juli 2027."
- I nytt pkt. 2.7 inntas følgende vilkår i tillatelsen: "Etter 10. oktober 2024 kan det ikkje finne sted nye tilknytingar til Isdøla og Maurset reinseanlegg."
Vedtaket er fatta etter forurensningsloven §§ 11 og 16, jf. forvaltningsloven § 34 fjerde ledd.
Vedtaket er endelig og kan ikke påklages, jf. forvaltningsloven § 28 tredje ledd.
Les heile vedtaket frå Miljødirektoratet i Vedtak i klagesak om midlertidig utslippstillatelse (PDF, 103 kB)
Kva konsekvensar vil dette ha?
Vedtaket frå Miljødirektøratet inneber at du kan nytta dagens hytter i Sysendalen, men du kan ikkje ha nytilknytningar til reinseanlegga.
For deg som planlegg bygging
For deg som planlegg å byggja hytte, bustad eller anna tiltak som krev tilknytning eller auke i belastning på avlaupsnettet:
Plan- og bygningslova §27-2 seier at før oppretting eller endring av eigedom til bebygging eller oppføring av bygning vert godkjent, skal bortleiing av avlaupsvatn vera sikra og i samsvar med forureiningslova.
Dette inneber at kommunen ikkje har lov å gje igangsetjingsløyve eller rammeløyve til tiltak som krev tilknyting til offentleg reinseanlegg i Sysendalen. Det vil òg gjelda tiltak som fører til auke i belastinga på avlaupsnettet. Dette er i samsvar med plan- og bygningslova § 21-4.
Det vil likevel vera mogleg å byggja hytte dersom du søkjer og får utsleppsløyve til avlaupsanlegg etter forureiningsforskrifta kap 12, til dømes tett tank.
Slikt utsleppsløyve må vera gjeve før kommunen kan gje ramme- og igangsetjingsløyve. Det er kommunen som er utsleppsmynde etter kap 12, og søknaden om utslepp vert derfor handsama hjå oss. Me syner òg til forureiningslova og forureiningsforskrifta for øvrig.
Forureiningsforskrifta kap. 12
Me vil gjera merksam på at det likevel vil koma krav om tilknyting til nytt reinseanlegg når dette er bygd.
Reglane gjeld òg frådeling og endring av eigedom.
Kven vert ikkje råka av tilknytingsstoppen?
Dersom du skal i gang med eit tiltak som ikkje har krav om tilknyting, og som ikkje fører til auka belastning på avlaupsnettet, vil ikkje dette få konsekvensar for deg.
Dersom du har fått byggjeløyve og sanitærabonnement frå kommunen ved tidlegare høve, og dette framleis er gyldig, vil ikkje tilknytingsstoppen få konsekvensar for deg.
Denne informasjonen er ikkje uttømmande og ikkje dekkande for alle tilfelle.
Status nytt reinseanlegg
Eidfjord Kommune har vedteke å byggja nytt reinseanlegg på Gommakvile i Sysendalen. Planlegging, prosjektering, respirentundersøkingar, grunnerverv og utlysing av prosessenterprise til nytt reinseanlegg har vorte gjennomført hittil i 2024.
Arbeid med fjerning av massar på tomta har starta og plan om endeleg ferdigstilling av reinseanlegg innan 1. juli 2027.
Prosjektet er delt i fleire entreprisar. Prosjekteringa av desse er på ulike stadier og vil vera kontrahert innan mars 2025.
Orientering