Ta godt imot bøsseberarane sundag 20. oktober

TV-aksjonen 2024 går til Barnekreftforeningen.

Dette går pengane til

For pengane skal det etablerast familiehus nær sjukehusa i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo der alvorleg sjuke barn kan vera saman med familien sin. Her skal foreldre og søsken lett kunne bevega seg mellom sjukehuset og familiehuset slik at dei kan leva eit tilnærma normalt kvardagsliv. I familiehusa vil det også vera rom for besøk av besteforeldre, tanter og onklar, vener og andre menneske som er tett på og har betydning i familien sitt liv.

Les meir om TV-aksjonen 2024

Slik bidreg Lægreid skule

Barnetrinnet på Lægreid skule har arrangert basar, og ungdomstrinnet har skuleløp, til inntekt for TV-aksjonen.

Støtt Lægreid skule si innsamling til Barnekreftforeningen

Kontakt

Timo Knoch
Arbeiderpartiet - Ordførar
E-post
Mobil 97 74 17 15