Ta eit tak for Rein Hardangerfjord 2026

Rein Hardangerfjord er eit femårig prosjekt for å rydda Hardangerfjorden for plast og avfall på avveie. Aksjonen er verdas største ryddeaksjon for plast. I år vert aksjonsdagen 17.09.2026, men det vil verta tilrettelagt for at det er mogleg å rydde og levere avfall heile veke 38.

Delta i ryddinga

Me oppfordra lokalbefolkning, organisasjoner og bedriftar til å ta eit tak for ein reinare Hardangerfjord. Me oppfordra til rydding av områder langs sjø og elv i aksjonsveka. Eidfjord kommune har hanskar og sekkar til uttdeling i resepsjonen på kommunehuset for dei som ynskjer å delta. 

Avfall frå sjø og vassdrag kan leverast i eigen kontainer, ta kontakt med kommunen for nærmare informasjon. Dersom du ikkje har moglegheit å få levert avfallet på mottakstasjonen sjølv kan du setje det i nærleiken av ein veg, og gje beskjed til kommunen.  Då vil kommunen sørge for plukke det opp. 

Me oppfordra til å halda naturen rein året runt, dersom nokon ynskjer å samle søppel i naturen utanom aksjonsveka er det mogleg å hente utstyr på kommunehuset gjennom året. 

Opprett eigen ryddeaksjon

Ynskjer du å samle ein gjeng og opprette ein eigen ryddeaksjon så kan du gjera det denne lenkja. Ynskjer du å vera med på ein aksjon så kan du leite etter aksjonar i ditt nærområde kartet

Kommunane rundt Hardangerfjorden, fleire havbruksselskap, ei rekke forskingsinstitusjonar (Marfo, Norce, UiB), organisasjonar og offentlege institusjonar deltar. Både handelens miljøfond og Fiskedirektoratet er store deltakande institusjonar.  

Utleggsgodtgjersle

Framtidshavet dekker inntil 150kr til mat og drikka per person som er med på rydding. Ryddeleiar må legga ut for innkjøpt, og fylle ut refusjonsskjema - Hugs kvittering! Frist for innsending av utleggsskjema er 31. oktober 2026. 

Kontakt

Ivar Ulgenes
Rådgjevar natur, miljø og landbruk