Spørjeundersøking om utleigebustadarI 2024 vil Eidfjord kommune busetja fleire flyktningar, og som kvart år vil det i tillegg vera behov for bustadar til sesongarbeidarar. Publisert 02.01.2024 10.36 Sist endra 02.01.2024 10.36 Fleire utleigebustadarMe ynskjer ei generell tilflytting og då er mellom anna tilgang til utleigebustadar sentral. Dette er ei utfordring som Eidfjord kommune ikkje vil kunne løysa åleine og me ynskjer å leggja til rette for at innbyggjarane kan bidra.Kommunestyret vedtok to tiltak i budsjettet for 2024 som har målsetjing om å auka tal utleigebustadar.Rullering av ENØK-fondet til å gjelda utleigebustadarNytt fond for oppgradering av utleigebustadarKartleggingMe ynskjer å kartleggja potensielle utleigebustadar, og håpar at de som har passande bustadar kan svara på spørjeundersøkinga.Resultatet av spørjeundersøkinga vert brukt ved utarbeiding av reglement for det nye fondet for oppgradering av utleigebustadar.Spørjeskjema om potensielle utleigebustadar