Søknadsportalen til barnehagelærar opnar 1. februar

1. februar opnar søknadsportalen for arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. 
Søknadsfrist er 1. mars. 

Til alle som har meldt si interesse for barnehagelærarutdanning i vår region 

Dei fysiske samlingane fyrste år vil vera i Nordheimsund og Odda, og er på onsdag-fredag. 
Dei digitale samlingane vil vera på torsdagane dei vekene det ikkje er samlingar eller praksis. 
Oversikt over datoar for samlingar og praksis finn de her: Barnehagelærar - HVK Studiesenter

Merk at denne på HVL sine sider så står det at ein må vera tilsett i ein barnehage eller tilsvarande som opptakskrav. Dette er ikkje heilt endeleg, men dei med arbeidsforhold vil bli prioritert. Dersom du ikkje er tilsett i ein av dei seks kommunane me representerer, anbefalar me deg likevel om å søkja, og samstundes gå i dialog med respektiv kommune. 

Søk studieplass her: Barnehagelærer | arbeidsplassbasert | Hardanger / Voss - Høgskulen på Vestlandet

Om du har spørsmål er du velkomen til å ta kontakt med underteikna. 

Venleg helsing

Sofie Torlei Olsen
Prosjektleiar
975 37 358 
sofie@hardangervoss.no