Sjekkliste for eigenberedskapBeredskapsrådet frå norske myndigheiter er at flest mogleg skal klare seg sjølv i ei veka. Publisert 30.10.2024 10.00 Sist endra 30.10.2024 12.04 Har du motteke brosjyren “Slik bidreg du til Norges beredskap” i posten? I brosjyren finn du råd om eigenberedskap og kva førebuingar du kan gjere der du burNorske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. Dette er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.Det er utarbeide ei sjekkliste som kan hjelpa deg å vera betre førebudd.Last ned sjekkliste (PDF, 507 kB)Styrk eigenberedskapen din! God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine nærmaste. I tillegg bidreg du til at styresmaktene kan prioritere dei som treng mest hjelp. Ved å vere førebudd for éi veke blir du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. For ikkje å snakke om at du får betre tid på deg til å planleggje vegen vidare dersom krisa skulle bli langvarig. Hugs: Litt førebuing er mykje betre enn inga! Eigenberedskap for ei vekeHer finn du døme på ting som er lurt å ha heime. Gå gjennom behova dine, og sjå på kva løysingar som er moglege der du bur. Hugs at familie, vennar og naboar kan samarbeide om eigenberedskap. Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom. Informasjon om eigenberedskap på ulike språk | Sikkerhverdag