Erdal
Hyttegrenda har fått Erdalselva tett oppi seg. Elva har gravd seg fram, tatt med seg ei hytte, naust og bod ut på fjorden. Ein person vart evakuert frå hyttefeltet fredag morgon. Vegen inne i hyttefeltet er heilt øydelagt. Det er straum på staden, men hyttene har ikkje vatn.
Rv7
Riksveg 7 er stengt pga store skadar på Erdal bru. Entreprenørar arbeidar på staden og geotekniker saman med vegeigar må vurdera alterntiv for å kunne opna vegen igjen.
Vegen er stengt mellom Gamlenaustvegen og Brimnes. Pr. skrivande stund melder Statens vegvesen om ny vurdering måndag 4. november kl 12.00
Simadal
FV5096 mellom Eidfjord og Simadal var ein periode stengt torsdag til fredag. Den største skaden skjedde på/ved bru ved Midhus. Fredag kveld melder vegeigar at vegen er opna. Det er lagt stålplater opppå asfalten for å stabilisera køyrebanen.
Øvre Eidfjord
Det er skader på Hjølmavegen oppom Mylningstveiti. Entreprenør skal sjå på skadene på måndag. Vegen vil vera stengt medan reprasjonsarbeidet pågår
Vannstanden i Veig har vore stor, men NVE har ikkje målingar på den. Campingplassane har vore hardt ramma av overvatn og campinghytter har til dels vore flytande.
Eidfjord
Det er ikkje meldt om skader i samband med vassmassane i Eidfjord. Det har vore gjort forebyggjande tiltak som har fungert godt. Eio var på sitt største fredag morgon, då var verdien på 403 kubikk/sekundet. Rødt nivå er 495 kubikk/sekundet, så me har vore nesten oppe i 50-års flom.
Kilde vassmålingar: www.sildre.nve.no
Kommunal kriseleiing (KKL)
KKL sette krisestab onsdag ettermiddag. Det har vore jobba med førebyggjande tiltak, skaffa oversikt over situasjonen, båttransport og halde dialog med innbyggjarar. Driftsavdelinga har vore ute og gjort nødvendige tiltak.
Båttransporten som er sett inn er beredskapsbåt, og vert kun sett opp i korrespondanse med kolletivtransport vidare til Voss. Båtruter vert annosert på heimesida, og me ber om respekt for at me lyt prioritera personar ved mange reisande. Eidfjord kommune oppfordrar til å halda seg i bygda så lenge rv7 er stengt. Kystvakten, Njord, er i Sørfjorden og kan bistå Eidfjord ved behov.
Me har lege stasjonar i sentrum og helsebereskapen er ivareteken. Har du behov for akutt helsehjelp ringer du legevakt på 116117 eller Ambulanse på 113 som i ein normal situasjon.
Hotel Vøringfoss er ope for personar som måtte trenga overnatting.