Ryddedugnad av plast og anna skrot i fjøra

Eidfjord kommune ilag med Indre Hordaland Miljøverk (IHM), legg i påsken til rette for rydding av plast og anna boss i fjøra og langs vassdrag.

Avfall frå private hushaldningar skal ikkje kastast her!

No i desse korona-tider skal det ikkje organiserast aktivitet som bidreg til samanstimling av folk, innsamling må gjerast individuelt.

  • Ingen må samlast i grupper på meir enn fem personar og ein må halde god avstand.
  • Bruk hanskar

Plastsekkar er lagt ut på butikkane og YX-stasjonen i Eidfjord. Ta bare med så mange sekkar du reknar med å bruka.
 
Kommunen i samarbeid med IHM legg til rette for henting av plastsekker og boss. Fylte sekkar skal så langt råd leggjast samla ved offentleg veg. Dette gjeld og større avfall som ikkje går i sekk. Hugs å knyt att sekkane.

Ber at de varsle kommunen, på tlf 53673500, kor det er lagt att sekkar og boss.

Aksjonen vil vara til og med 26. april.