Resultat TV-aksjonen 2023Flott innsats av Eidfjord!Tusen takk til alle som har støtta TV-aksjonen 2023! Publisert 24.10.2023 13.18 Sist endra 24.10.2023 13.19 Barnetrinnet på Lægreid skule arrangerte basar og samla inn kr. 48 047,-. Dei hadde åresal, sal av kaffe og kaker, og sal av produkt som var laga av elevane. Elevane bidrog også med underhaldning under basaren.Elevane på ungdomstrinnet hadde skuleløp og fekk inn kr. 27 880,-.Eidfjord folkebibliotek hadde eit boksal til inntekt for TV-aksjonen.Vøringfoss Hotel inviterte til frukost, og heile beløpet dei fekk inn vart donert til Redd Barna.Eidfjord formannskap gav kr. 40 000,- til TV-aksjonen.Årets TV-aksjon går til Redd Barna og deira arbeid for å hjelpa barn som er ramma av krig og konflikt.Meir om TV-aksjonen 2023Sjå resultatet frå innsamlinga i Eidfjord her:Resultat Eidfjord kommune