Publisering av enkelthendingar i Kva skjer på heimesida til Eidfjord kommune

Heimesideredaksjonen til Eidfjord kommune ynskjer å få tilsendt informasjon om kva som skjer i bygda vår slik at det vert publisert på «Kva skjer» på heimesida. 

Kva kan publiserast 

For å bli publisert på heimesida under Kva skjer må fylgjande kriterium oppfyllast: 

  • Enkelthendingar/arrangementet som skjer i Eidfjord
  • Hendingane må også marknadsførast i arrangøren sine eigne kanalar
  • Det kan ikkje vera faste gjentakande aktivitetar

 

Informasjonen må innehalda

  • Navn på arrangement
  • Målgruppe
  • Tid og stad
  • Billettpris
  • Link til nettstad
  • Informasjon om hendinga
  • Bilete (liggande)

 

Arrangørane må sjølv senda inn informasjon om hendinga til heimesida@eidfjord.kommune.no

Me har laga ein eigen kalender for faste gjenntakande aktivitetar som øvingar, møtestadar, treningar og liknande Me treng difor også å få tilsendt informasjon om desse. 

Kontakt

Heimesida redaksjonen
E-post