Pride-månaden

I år markerer Eidfjord kommune for første gong Pride-månaden, juni, med regnbogeflagget.

Regnbogeflagget

28.6.1970 vart den første Christopher Street Day organsiert som avslutning på Gay Pride Week, men regnbogeflagget kom ikkje før i 1978. Det vart utforma av kunstnaren Gilbert Baker på oppfordring av politikaren Harvey Milk, som var den første opent homofile folkevalde i USA.

Baker sa ei gong om flagget: «Me trong noko som uttrykte vår gleda, vår venleik, vår kraft. Og regnbogen gjorde det».

Sidan 70-talet har det kome fleire variantar av regnbogeflagget, som inkluderer ulike subkulturar i det skeive miljøet.

Markering

Kommunar rundt omkring i landet markerer Pride-månaden på ulike måtar og i ulikt omfang. Eidfjord kommune har valt å markera pride 28. juni, som er årsdagen for den første Pride-paraden, og nytta regnbogeflagget som skal symbolisera sentrale verdiar for kommunen: mangfald, likestilling, inkludering og solidaritet.

Som eit moderne lokalsamfunn vil me gje rom for skeive minoritetar og sei: Du er velkomen, ver den du er! For det er vakkert å elska, uansett kven!