Oversikt over dei ulike prosessane som berører brukarane av Hardangervidda

Det er mange prosessar og planar på gang på Hardangervidda og bruk av denne, her freistar me å gje ei oversikt over arbeidet

Overordna

Det er mykje planarbeid på gang der det er lett å blanda og verta forvirra. Spesielt der emnene er knytt til fleire av prosessane.

Tiltaksplan:

Tilaksplanen er ei overordna samling av alle framlegg til å forbetra villreinen sin situasjon på vidda. Her er det framlegg som gjeld både innanfor og utanfor nasjonalparken, om alt frå stenging av stiar/hytter, og revidering av forvaltningsplan/verneforskrift, til forbod mot enkelte ferdselsformer. 

Nylege hendingar: 

Geilo 16. september: Lukka og open møte med Kommunal og Likestillingsdepartementet (KLD) om foreslåtte tiltak.
30. september: Frist med å koma med tilbakemelding etter møte. 
15.oktober: Oppfylgjande dialogmøte med kommunane om enkelte tiltak. 

Framtidig arbeid: 

Usikkert, meldingar frå KLD er ofte utydelige og kort varsel. Overordna skal dei vurdera alle tiltaka i lys av tilbakemeldingar, og koma med konkrete framlegg for kva tiltak dei vil fylgja opp.

Forvaltningsplanen: 

Ny forvaltningsplan og verneforskrift er tiltak foreslått i tiltaksplanen. 

Det som har skjedd så langt i det arbeidet er:

24 september: Open møte om oppstart av arbeidet med ny forvaltningsplan
25. oktober: Frist med å koma med innspel før oppstart

Framtidig arbeid:

Statsforvaltaren vil møta kommunestyret for å fortella, og svara på spørsmål. Dette skjer på møtet KST 28.10. Her vil det og verta handsama sak om kommunen si innstilling til oppstart av arbeidet. Saka skulle vore handsama i FSK fyrst, men grunna ein misforståing vart ikkje saka ferdig til då.
Det vil verta oppretta sekreteriat, styringsgruppa og prosjektgruppa. Sekreteriatet vert 6 sakshandsamarar. Styringsgruppa vert statsforvaltarane samt tilsynsutvala, 

Prosjektgruppa vert følgande:

  • 1 frå kvar statsforvaltar (3stk)
  • 1 frå kvart tilsynsutval (3stk)
  • Villreinnemda
  • Leiar for Hardangerviddarådet
  • 1 representant frå statsforvaltarens landbruksavdeling (1 stk)
  • 1 representant frå fylka sine kulturminneavdelingar (1 stk)
  • 1 frå DNT
  • 1 frå HG
  • 1 frå Fjellstyra
  • 1 frå dei private turisthyttene

 

Motorferdsellov

Dette er ein prosess som ikkje er direkte tilknytt tiltaksplanen og forvaltningsplanen. Det vil regulera motorferdsel i heile landet, og vil ha størst innverknad i områda utanfor verneområdet. Endringar vil kun påverka ferdsel innanfor verneområdet, dersom det er situasjonar der ny motorferdsellov er strengare enn verneforskrift. 
Endringar om å avgrensa køyring i parken innanfor eit bestemt tidsrom (til dømes at all skutertransport skal skje før 1. april), er henta frå tiltaksplanen, og er ikkje relatert til ny motorferdsellov.

NOU har vore på høyring, neste steg er at departementet går gjennom høyringssvara og sender det faktiske lovforslaget ut på høyring. 
 

Kontakt

Ivar Ulgenes
Rådgjevar natur, miljø og landbruk
E-post
Telefon 53 67 35 00
Mobil 94 19 22 27