Kjære innbyggjarar
Ekstremværet Jakob er over. Men dei store nedbørsmengdene har og vil påverka Eidfjord og heile regionen den nærmaste tida. Fyrst og fremst skal me vera glade at det ikkje gjekk liv tapt og at me i Eidfjord klarte å oppretthalda straum- og vassforsyning til innbyggjarane våre.
Jakob traff Vestlandet midt i eigenberedskapsveka, eit initiativ frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap som òg Eidfjord kommune har markert. Ekstremværhendinga viste tydleg kvifor det er viktig at kvar husstand er førebudd på å klara seg sjølv i opp til ei veke.
Hovudfokus for den kommunale kriseleiinga var og er å ivareta helseberedskapen i kommunen og sikra liv og helse til innbyggjarane. Kommunen har jamnleg oppdatert sine kommunikasjonskanaler med relevant informasjon som var tilgjengeleg til einkvart tidspunkt. I riksdekkande media var det lite fokus på situasjonen i Eidfjord; men det er tross alt andre kommunar i regionen som har fått mykje større utfordringar enn me har med både evakueringar og omfattande skader på kritisk infrastruktur. Eg synes personleg at det er media sin oppgåve å halda seg oppdatert på kva som skjer i sitt nedslagsfelt. Ein ekstremværhending skal ikkje vera ein konkurranse der kommunar må kjempa om media sin merksemd – det er lokal krisehåndteringa som er i fokus. Men KKL vil i framtida vurdera behov for pressemeldingar der det er føremålsteneleg.
Av dei skadane som har oppstått i Eidfjord kommune er stenging av Erdal bru på RV 7 den mest kritiske. Statens vegvesen jobbar difor aktivt med tiltak i Erdal og Eidfjord kommune har stilt materiell til disposisjon for å hjelpa til og framskynda arbeidet. Vegen skal ikkje vera stengt lengre enn naudsynt.
Fleire har lagt merke til at det framleis kjem bilistar austfrå utan kunnskap om vegstenginga. Det er viktig å påpeike at SVV har skilting om stenginga både på Gol og Hagafoss der det mogleg å ta omkøyringsvegar vestover. Det ligg eit ansvar på kvar enkelt av oss til å fylgja med på oppdateringar om vegforhold. Dersom nokon skulle ha behov for overnatting , så er Vøringfoss Hotell er opent.
Eg oppfordrar alle til å bruka Statens vegvesenet sine sider og informasjonskanalar for å fylgja med på status for RV 7 og før dei legg ut på tur i område som vart påverka av Jakob.
Eidfjord kommune har satt opp båtskyss hvis føremål er først og fremst å sikra helseberedskapen i kommunen; det er ein beredskapsbåt som opnar for å transportera privatpersonar når det lar seg gjera. Per i dag er det mogleg å koma seg til Eidfjord via Hardangervidda, til tross for utfordringar og omvegar dette måtte medføra. Skulle vegen over vidda bli stengd, vil me sjølvsagt reevaluera situasjonen og informera fortløpande om eventuelle endringar i båtruta.
Me må stå saman i denne situasjonen, og eg vil takke alle involverte for deira innsats og samarbeid så langt!
Med venleg helsing
Timo Knoch
Ordførar, Eidfjord kommune