Næringstilskot i samband med Covid-19Vestland fylke har tildelt Eidfjord kommune sitt næringsfond kr 1 338 271,- Formannskapet i Eidfjord skal fordele tildelte midlar, og ynskjer søknader om næringstilskot innan 15.12.2020. Søknad om næringstilskot i samband med Covid-19 Utdrag frå saksutgreiinga "Midlane skal primært nyttast til tiltak for å styrka verksemder sin konkurransesituasjon og for å tilpasse verksemder til nye og noko endra marknader som følgje av Covid-19. Det må klart framgå av søknader kva ein ynskjer å gjennomføre av tiltak, og kva behov ein har for støtte." Fordeling Pengane vert fordelt slik: Kommunen sine kostnader til rådgjeving type 1 og 2 i samband med covid19 pandemien. Tildelt etter søknader og tildelingsreglar fastsett av Eidfjord formannskap. Søknad I søknaden ynskjer me ei god grunngjeving der det er fokusert på kva grad verksemda er råka av covid-19. Kva omstilling verksemda ser på som absolutt naudsynt for at dei skal kunne nå ut til nye kundegrupper og kven desse er, og at effekten av tiltaka visar kommande sesong. Søknadane må visa konkrete tiltak (t.d. marknadsarbeid, oppgradering for å møte krav frå nye kundegrupper/reisemønster og liknande) som gjev rask effekt for den aktuelle verksemda, og sikrar vidare drift. Budsjett Søknadsskjema Formannskapet vil på nyåret i 2021 gjera ei vurdering av alle søknadane som er komen inn. Publisert 05.11.2020 22.30 Sist endra 16.01.2024 10.42