Liv OGLyst - eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland

LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil skape nytt engasjement, trivsel og aktivitet i lokalsamfunna sine. Programmet gir kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og aktivitetar

Søk om å bli med i programmet med eit LivOGLyst-prosjekt innan 1. november.

Programmet gir lokalsamfunna og innbyggjarane sjølv moglegheit til å utvikle heimstaden sine til ein betre stad å bu og vere. Dette kan vere eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Gjennom eit LivOGLyst-prosjekt kan de saman skape eit attraktivt og levande lokalsamfunn.

Vil du vite meir? Bli gjerne med på digitalt infomøte om LivOGLyst-programmet 10. oktober

Informasjon om LivOGLyst på Vestland fylkeskommune sine sider