Kulturfond 2025

Eidfjord kommune lyser ut kulturfond for 2025 med søknadsfrist 1. mai 2025

Retningsliner 

  1. Kulturfond (oppretta 2012) er eit kommunalt verkemiddel oppretta for å initiera nyskaping og utvikling innan heile kulturfeltet. Dette gjeld også kulturnæringar her definert som: Kulturaktivitetar som har inntekter frå publikum, og som nyttar betalt arbeidskraft osb. Næringar som framstiller kommersialiserte uttrykk som kommuniserer gjennom estetiske symbol, teikn, bilete, fargar, rørsler, lydar og forteljingar.
     
  2. Midlane skal lysast ut offentleg med søknadsfrist 1.mai. Etter denne fristen tildeler formannskapet inntil 2/3 av midlane. Dei resterande midlane vert tildelt av formannskapet etter søknader gjennom heile året. Eventuelt ubrukte midlar vert tillagt fondet.
     
  3. Det vert gitt tilskot til: a) konkrete tiltak ( gjeld også kommunen sitt innkjøp av kunst) b) prosjektutvikling
    Dersom det vert søkt om prosjektutvikling som går over meir enn 1 år, skal det føreliggja ein periodisert prosjektplan. Det kan setjast fram krav om dokumentasjon/ rapportering før utbetaling av tilskot eller vedtak om at tilskot vert periodisert.
     
  4. Krav til søknader og sakshandsaminga. Søknadene må innehalda minst følgjande opplysningar: a) Ansvarleg søkjar ( person, ansvarleg selskap, frivillig organisasjon) b) Skildring av tiltaket sin ide og målsetjingar c) Budsjett d) Finansieringsplan
    Dersom prosjektet går over fleire år, skal budsjett og finansieringsplan vera periodisert. Det er ikkje eit krav at søkjar er busett eller har forretningsadresse i Eidfjord kommune, dersom søknaden elles er relevant. Men heile eller deler av arrangementet skal liggja i Eidfjord.
     
  5. Avgrensingar Kulturfondet skal som hovudregel ikkje nyttast som garanti for lån/ til lån eller som driftstilskot. Det kan som regel ikkje ytast tilskot ut over 1/3 av finansieringa. Kulturfondet skal ikkje vera supplerande finansieringskjelde til andre kommunale tilskotsordningar.
     

Informasjon om andre tilskotsordningar

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 97 19 00 23