Kultur og eldsjelpris 2024Kultur og eldsjelprisen vert forsøkt delt ut annakvart år. Publisert 12.03.2024 11.23 Sist endra 12.03.2024 11.23 Kulturprisen vert tildelt einskild personar, grupper eller frivillige lag som har gjort seg fortent til prisen gjennom stor frivillig innsats for kulturlivet i Eidfjord kommune.Forslag til kulturprismottakar skal vera skriftlig, grunngjeve og signert avsendar. Avsendar og føreslegne kandidatar er ikkje offentleg. Endeleg vedtak er offentleg etter utdeling.Kulturprisen vert utdelt 17.mai 2024.Framlegg til kulturprismottakar sendast til Eidfjord kommune. Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord eller postmottak@eidfjord.kommune.noFrist for innsending av forslag er 11.04.2024Tidlegare tildelingar Retningsliner Kva slags tilskot er dette: Kulturprisen skal gå til ein person, grupper eller frivillige lag som har gjort seg fortent til prisen gjennom stor frivillig innsats for kulturlivet i Eidfjord. Arbeid med kulturminnevern, kulturarv, kulturlandskap og kulturmiljø kan også tildelast prisen.Handsaming:Forslag til prismottakar skal vera skriftleg, grunngjeve og signert avsendar. Avsendar og føreslegne kandidatar er ikkje offentleg. Endeleg vedtak er offentleg. Det er formannskapet som tildeler prisen. RetningslinerKultur- og eldsjelprisen er ei gåve på kr. 50.000,- som vert delt ut saman med blomar og diplom med bakgrunn for tildelinga annakvart år. Prisen vert finansiert av kapitalfondet.Kulturprisen skal lysast ut annakvart år med svarfrist innan 1. april, formannskapet tildeler prisenKulturprisen vert tildelt einskildpersonar, grupper eller frivillige lag som har gjort seg fortent til prisen gjennom stor frivillig innsats for kulturlivet i Eidfjord kommune. Arbeid med kulturminnevern, kulturarv, kulturlandskap og kulturmiljø kan også tildelast prisen.Kulturprisen vert tildelt på grunnlag av ei samla vurdering, prisen treng ikkje delast ut kvar gongFramlegg til prismottakar skal vera skriftleg, grunngjeve og signert avsendar. Dersom avsendar er medlem i formannskapet har vedkomande røysterett i saka, elles gjeld vanlege habilitetsreglarAvsendar og føreslegne kandidatar er ikkje offentleg, endeleg vedtak er offentleg etter utdelingKultur- og eldsjelprisen vert delt ut i samband med 17- mai arrangement