Informasjonsmøte om oppstart av planarbeid på Rv. 7 Måbødalen

Statens vegvesen skal igangsetta planarbeid i Måbødalen knytt til breidde og kurveutretting frå Steinberg bru, forbi Finnasteinsflåten og opp mot hengebrua ved Heimretveito i Måbødalen. Det vert informasjonsmøte i forbindelse med oppstarten.

Bakgrunn for arbeidet

Statens vegvesen skal detaljregulera ein strekning i Måbødalen for å betra trafikkforholda. Riksveg 7 over Hardangervidda har stort sett ein standard med bredde på køyrebanen som tillèt køyring i to felt med gul midtstripe. Planområdet omfattar ei strekning på 2,3 km i Måbødalen med smal veg, krappe kurver og til dels dårleg sikt. På om lag 1,3 km av strekninga er det ikkje god nok bredde til gul midtstripe.  Føremålet med planen er å forbetre vegstrekninga med økt bredde og slakare kurver slik at både framkomst og trafikktryggleik blir betre.

Den utbetra vegen vil stort sett følgje dagens trasé og utvidinga vil truleg skje både på oppsida og nedsida av vegen. Terrenget vil få endringar med skråningsutslag og støttemurar. Viktige tema i planarbeidet vil vera: omsyn til vassdrag, kulturminne og landskap, skredfare og geotekniske utfordringar i bratt terreng.

Råka parter i området vil verta varsla direkte per brev om oppstart av planarbeid, samt informasjonsmøtet. 

Informasjonsmøte

Statens vegvesen og Eidfjord kommune invitera til ope informasjonsmøte torsdag 13. juni kl 18:00 på Norsk natursenter i Øvre Eidfjord. Me vil nytta møtelokalet i Hardangerviddahallen. Møtet er opent for alle med interesse for området. 

Plangrensa

Figuren under syner plangrensa for arbeidet i stipla svart strek. Området dekker frå Steinberg bru, via Finnasteinsflåten og opp rett forbi hengebrua ved Heimretveito.  Området er konsentrert på nordsida av Bjoreio. 

Detaljer om planarbeidet kan sjåast på arealplaner.no.

Framdrift og frist for innspel

Me ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 2. juli. Send det skriftleg til:

Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
Eller på -post til: firmapost@vegvesen.no
Merk brevet eller e-posten med: Reguleringsplanarbeid Rv. 7 Måbødalen

Når merknadsfristen er ute vil Statens vegvesen gå gjennom merknader og innspel. Innspela vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i plandokumenta. Når planforslaget er klart vil det bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Det vil da vere mogleg å komme med merknader til planforslaget før politisk handsaming. 

Det er eit mål at planen blir lagt ut til offentleg ettersyn våren 2025.

Spørsmål til arbeidet

Har du spørsmål om planarbeidet kan du kontakte planleggingsleiar Annbjørg Svendal i Statens vegvesen på telefon: 41 25 49 93 eller e-post: annbjorg.svendal@vegvesen.no.

De kan finne meir informasjon om planarbeidet på www.vegvesen.no/vegprosjekter/.